Hopp til innhold

Omorganisering uroar Vegvesenet-tilsette

Omorganiseringa av Vegvesenet fører til usikkerheit blant dei tilsette på Leikanger. Fleire ser etter andre jobbar.

Ole Simen Nesdal

OMORGANISERING: Tillitsvald Ole Simen Nesdal seier fleire Vegvesen-tilsette ser etter nye jobbar som følgje av usikkerheit rundt omorganiseringa.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Måndag avgjorde regjeringa den nye organiseringa av Statens vegvesen. Vegvesenet skal delast i seks divisjonar, som skal styrast frå Tromsø, Trondheim, Bergen, Arendal, Moss og Drammen.

Ole Simen Nesdal, som er tillitsvald for Tekna i Vegvesenet, seier omorganiseringane fører til usikkerheit blant dei tilsette på Leikanger, der dei no har regionvegskontor.

– Det er ei usikker stemning her på Leikanger. Alle skal finne seg ein ny plass, anten i Statens vegvesen eller i fylkeskommunen, og mange forlèt skuta og startar i andre bedrifter, seier Nesdal, og legg til:

– Omorganiseringar fører til usikkerheit, og folk flest likar ikkje usikkerheit. Slik er det berre.

Fryktar utflytting

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd seier det er urovekkande, men ikkje overraskande, at fleire av dei tilsette i Vegvesenet no ser etter nye jobbar.

Jon Håkon Odd

UTFLYTTING: Ordførar Jon Håkon Odd fryktar utflytting frå Leikanger etter omorganiseringa.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dette er veldig flinke folk som gjer viktige jobbar, og det er klart at dei er attraktive på arbeidsmarknaden. Det som skremmer meg er viss dei må flytte for å ha desse jobbane, og dette fører til ei utflytting frå Sogn, seier han.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen Sogn og Fjordane er ikkje bekymra omorganiseringa vil gå utover arbeidsplassar.

– Strukturen vert endra, men mykje av grunnprinsippa vert dei same, seier han.

Ønskjer arbeidsplassar i heile landet

Etter vedtaket vart offentleggjort måndag peikte samferdsleminister Jon Georg Dale på at omorganiseringa skal tilpasse Vegvesenet til dei utfordringane dei har framover.

Jon Georg Dale

KOMPETANSE: Samferdsleministeren seier dei skal byggje vidare på kompetansemiljøet på Leikanger.

Foto: Erik Waage

Dale lova også at dei stadane som no har regionvegskontor, som Leikanger, framleis skal vere viktige.

– Vi har eit viktig kompetansemiljø på Leikanger, som vi skal byggje vidare på. Flinke folk som har attraktive jobbar også i framtida med denne avgjerda. Dette har vore viktig for oss fordi vi er opptekne av at det skal vere arbeidsplassar, også statlege, i heile landet.

– Ei sentraliserande kraft

Nesdal seier at dei tilsette på Leikanger likevel er bekymra for framtida til fagmiljøet på Leikanger.

– Alle dei omorganiseringane som har vore på Leikanger til no har hatt ei sentraliserande kraft i seg, seier han.

– Så bekymringa er der, men vi har vorte lova at Leikanger skal satsast på, spesielt på veg-sida, og her har vi eit veldig godt fagmiljø.

Som ein del av omorganiseringa skal ansvaret for fylkesvegane flyttast til fylkeskommunane. Leikanger-ordføraren seier at det må byggjast eit nytt fagmiljø i samband med dette.

– Det er klart at Leikanger vil vere vertskap for viktige arbeidsplassar når det gjeld administrasjon av fylkesvegar. Det eg er redd for er at vi ikkje klarer å samlokalisere det med den statlege delen, og oppnå dei synergiane som vi kome av å ha eitt sterkt felles vegmiljø i Vestland her i Sogn.