Hopp til innhold

Omkom i rib-ulukke: Sjømannslegen fekk ikkje vite at båtførar hadde dårleg helse

Havarikommisjonen meiner det er kritikkverdig at sjømannslegane ikkje får vite noko om helsetilstanden til folk som jobbar på små fartøy. Ein mann med dårleg helse omkom då han fall uit av ein rib-båt i Olden i 2015.

Rib-båtulukke i Olden

ULUKKE: Ein person omkom i ulukka sommaren 2015.

Foto: Joar ødegård

Statens havarikommisjon for transport peikar på fleire grunnar til ulukka med ein rib-båt der ein person omkom.

Ulukka skjedde i Olden 22. juli 2015. Om bord i rib-båten var det ni passasjerar. Tre av dei var passasjerar frå eit cruiseskip som låg til kai.

Då båten trefte ei bølgje, blei båtføraren og to passasjerar kasta i sjøen. Føraren av båten omkom i ulukka.

Avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth i Havarikommisjonen seier at helsetilstanden til føraren var slik at han ikkje burde ha ført båten den dagen.

– Det fanst informasjon i helsevesenet som var innforstått med dette, men kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane tilsa at denne informasjonen ikkje kom fram til sjømannslegen, seier han.

Får ikkje lov å opplyse

I rapporten står det at helsetilstanden hadde endra seg i perioden etter siste helseerklæring, og dette var ikkje meldt til sjømannslegen.

Både fastlege og spesialistlege hadde opplysingar om helsetilstaden, men helsepersonellova gir ikkje løyve til at helsepersonell kan gi beskjed til sjømannslege om at ein sjømann ikkje oppfyller helsekrava.

Liseth seier det var fleire årsaker til ulukka.

– Det blei ikkje gitt tryggleiksorientering før avgang. Fartøyet var heller ikkje utstyrt med eigna handtak til å halde seg fast i. I tillegg hadde ikkje båtførar festa dødmannsknappen til seg sjølv.

Ulukke med rib-båt i Olden

HER SKJEDDE ULUKKA: Det var ein babord sving der akterenden av rib-båten mista grepet og sladda før båten tok tak igjen.

Foto: Statens havarikommisjon for transport

Passasjer fekk stoppa båten

Då føraren fall ut, køyrde fartøyet vidare til ein av passasjerane klarte å trekkje ut knappen for å stoppe båten.

– Føraren av båten hadde ikkje på seg flytedrakt eller redningsvest.

– Har selskapet gjort noko med tryggleiken etter ulukka?

– Ja, vi er kjent med at dei har fleire tiltak og dei gjer sitt beste til å kunne operere på ein forskriftsmessig måte.

Styreleiar Frode Briksdal i Briksdal Adventure, som eig båten, seier at dei har montert betre handtak for passasjerane.

– Vi bestilte båten frå leverandør og bad då om den utrustinga som trengst til den bruken vi har, slik at alle passasjerane kunne halde seg fast. Etter ulukka har vi montert slike handtak som Havarikommisjonen peikar på.

Dei andre ulukkesårsakene som Havarikommisjonen omtalar ynskjer Briksdal ikkje å kommentere, ut over at det i handboka deira står uttrykkeleg at dødmannsknappen skal brukast.

Ber styresmaktene få oversikt

Havarikommisjonen rår no til at Sjøfartsdirektoratet skaffar seg oversyn over og kontrollerer denne typen passasjertrafikk.

– Det er ei rekkje krav om drift når det gjeld små passasjerfartøy, men det blir ikkje stilt krav til tilsyn eller godkjenning for å starte eller drive ei slik verksemd. Vi trur eit tilsyn kunne avdekt manglar med fartøy og utstyr og svakheiter med tryggleiksstyringssystemet som det var i dette tilfellet.