Hopp til innhold

Mann i 60-åra omkom i ulukka på Hafslo

Ein mann i 60-åra omkom, og ein person vart skadd etter ein kollisjon mellom to bilar på fylkesveg 55 på Hafslo. Tre bilar var involverte i ulukka.

Mann i 60-åra omkom i kollisjon på Hafslo.

OMKOM: Ein mann i 60-åra omkom i ein kollisjon på Hafslo måndag kveld. Foto: Arve Uglum

Ulukka skjedde ved Grøteig, om lag ein kilometer aust for Hafslo sentrum i Luster kommune, ved ei avkøyring til fylkesveg 55, og vart meld til AMK om lag klokka 21.45.

Mann omkom

– Ein mann i 60-åra frå Indre Sogn omkom i ulukka. Den skadde personen vart frakta til sentralsjukehuset i Førde. Ein av bilane hamna på taket etter kollisjonen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme, til NRK.no.

Ambulansar frå både Luster og Sogndal kom raskt til staden, saman med mannskap frå Sogn brann- og redning. Også politiet kom raskt til, og fekk stengd den mykje trafikkerte fylkesvegen.

Tre bilar involvert

– Ulukka skjedde då eit køyretøy skulle krysse vegen og svinge av. Bilen som kom bak klarde ikkje å stanse, og kolliderte med ein bil som kom køyrande i motsett køyreretning, opplyser Holme.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen kom seint måndag kveld til Hafslo for å gjere sine granskingar av åstaden, saman med politiet.

Hafslo ulukke

VART STENGD: Vegen vart stengd ei god stund etter ulykka, som skjedde ved Grøteig, om lag ein kilometer aust for Hafslo sentrum.

Foto: Arve Uglum / NRK