Bilen køyrde utfor i ein krapp sving på riksveg 57, traff ein jordvoll og vart kasta utfor ein 8-10 meter høg mur og skråning. Bilen vart liggjande på taket rett utanfor eit bustadhus på Haugsbø.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.56
Glatt føre
Det var slapseføre på ulukkesstaden søndag kveld.
- Det var svært glatt og bilen har truleg sklidd ut i svingen, seier politiførstebetjent Arnt Jonny Langeland, som karakteriserer ulukka som eit hendeleg uhell.
Bilen køyrde utfor ein høg mur og skråning. Foto: Cosmin Cosma, NRK.