Hopp til innhold

Omkom etter brannen i Jostedal

Den 62 år gamle mannen som vart alvorleg skadd i ein husbrann i Jostedal i Luster torsdag, døde som følgje av skadane.

Brann i Jostedalen

BILIST MELDE FRÅ: Einebustaden som brann ligg like ved fylkesveg 604 på Myklemyr i Jostedal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

62 år gamle Otto Myklemyr døde i natt på Haukeland universitetssjukehus som følgje av skadane, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

Namnet er frigitt i samråd med familien.

Myklemyr budde åleine i huset som torsdag ettermiddag vart totalskadd i brann.

Vart berga ut

Det var forbipasserande som melde frå om brannen i 16-tida på ettermiddagen. I 18-tida melde brannvesenet om at dei hadde kontroll på brannen. Ein person var då berga ut av det brennande huset og frakta til sjukehus med luftambulanse.

16 personar frå brannvesenet i Luster rykte ut. Mannskap dreiv natt til fredag ettersløkking på brannstaden.

Let brannstaden ligge urørt

Årsaka til brannen er ikkje kjent. Politiet reknar ikkje med å starte åstadsgransking før over helga.

– Det er førebels for sterkt varme i brannruinen til at vi kan gå inn, opplyser politibetjent Sondre Lillebostad

Han seier politiet fredag vil avhøyre vitne som var ved brannstaden, mellom anna brannmannskapa, for å kunne danne seg eit bilete av brannforløpet.

Laster Twitter-innhold