Hopp til innhold

Vindkraftforkjemparar gir seg ikkje – ber NVE seie ja til vindindustri

Vindkraftforkjemparane i Solund godtek ikkje nederlaget. No ber dei Norges vassdrags- og energidirektorat om å overprøve kommunestyret.

Vindpark på Sperrefjellet i Solund - Illustrasjon

60-130 METER HØGE: Kraftselskapa ønskjer seg vindturbinar, mellom anna her på Sperrefjellet.

Foto: Ask Rådgivning AS

Både kommunepolitikarane og eit fleirtal av innbyggjarane i øykommunen har sagt nei til vindkraftutbygging. Men ei gruppe småbarnsforeldre har ikkje gitt opp kampen.

Sissel Kråkås og 45 andre småbarnsforeldre vil nemleg ikkje ta nei for eit nei.

– Vi er frustrerte over utfallet, seier Kråkås til NRK.no.

Meiner kommunen må seie ja

Det er berre nokre veker sidan kommunestyret i Solund sa klart nei til vindkraft. Med ti mot fem røyster sa dei folkevalde nei til planane om å byggje ut til saman 88 vindturbinar. Med det følgde dei rådet som fleirtalet av innbyggjarane gav i januar.

Men ikkje alle er ferdige med saka. 45 småbarnsforeldre har sendt brev til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane og til Norges vassdrags- og energidirektorat. Innbyggjarane ber NVE seie ja til vindindustri i Solund, og grunngjev dette med at det vil gje kommunen både arbeidsplassar og millioninntekter.

– Vi ser eit nødvendig inntektspotensial ved vindkraftutbygging for Solund kommune. Vi er ein kommune med stadig nedgang i folketalet, og denne pila kan ikkje fortsetje å peike nedover. Om ikkje pila snur oppover vil ikkje Solund vere eit levedyktig samfunn i framtida, seier Kråkås.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart over vindparkar i Solund

VINDPARKAR: Her er oversikta over dei planlagde vindparkane i Solund.

Foto: Asplan Viak

– Visste ikkje kva dei sa ja eller nei til

Ho meiner sulingane ikkje fullt ut visste kva dei sa ja eller nei til i folkerøystinga i januar.

Hadde avtalane med kraftselskapa vore klare, og innbyggjarane hadde visst at kommunen ville ha fått 26 millionar kroner i årleg eigedomsskatt, så hadde utfallet blitt eit anna, meiner Kråkås.

– Eg trur det ville blitt eit fleirtal for vindkraftutbygging, seier Kråkås.

Spekulasjonar

Denne argumentasjonen fell kommunestyrerepresentant Tom Færøy tungt for brystet.

– Når vi har ei folkerøysting så rettar vi oss etter den. Eg er litt betenkt over at ein del i lokalsamfunnet vårt ikkje tek det inn over seg, seier Ap-politikaren.

Han meiner det blir feil å seie at folket og politikarane ville sagt ja dersom avtalane hadde vore ferdigforhandla.

– Den type spekulasjonar kan vi ikkje bruke i det politiske arbeidet i Norge. Då hamnar vi på ville vegar, seier Færøy.

Det er Norges vassdrags- og energidirektoratet som til slutt skal seie ja eller nei til vindkraft i Solund.