Hopp til innhold

Omkamp om ungdomsskulen i Fjærland

Det er no duka for omkamp om ungdomsskulen i Fjærland.

Fjærland Skule
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tidligare har kommunen vedteke å legge ned ungdomstrinnet i Fjærland og skysse elevane til Sogndal.

Etter at reisetida synte seg å bli lengre enn lova kravde foreldra ny handsaming.

Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, seier det er med blanda kjensler at saka no blir teken opp til ny handsaming i kommunestyret.

Foreldrerepresentant Ingvar Supphellen seier han håpar dei skal kunne klare å snu fleirtalet i kommunestyret, men fryktar at det har gått prestisje i saka.

Ikkje vil ha omkamp

Men ikkje alle i Fjærland deler synet til Supphellen. Anders Bøyum, som sit kommunestyret for Senterpartiet,  røysta torsdag imot at skulesaka skulle takast opp att. Han meiner ein no må respektere fleirtalsvedtaket frå i fjor, og legge saka død ein gong for alle. Særleg med tanke på at reisetida ikkje blir meir enn fem minutt lenger enn det kommunen hadde lova i utgangspunktet.