Margit Bødal i eldrerådet, som er er med på underskriftsaksjonen, reknar med at målet er nådd alt. Ho stod på Sogningen storsenter saman med andre aksjonistar måndag, og fekk 175 namn berre på sine eigne lister.
Underskriftskampanjen held likevel fram tysdag:
- Kanskje kjem vi opp i 600 eller 900 namn, seier Bødal, som ikkje vil gje seg før flest mogleg sogndøler har fått høve til å skrive seg på listene. Det er i hovudsak foreldra til dei utviklingshemma som står bak underskriftsaksjonen.
Eldrerådet engasjerer seg i saka delvis fordi dei fryktar at psykisk utviklingshemma skapar for mykje støy til å vere i same bygningen som pleietrengande eldre.