Hopp til innhold

Omgjort annullering på overtid sørga for Florø-tap

LILLESTRØM (NRK): Florø Fotball hang godt med eliteserielaget Lillestrøm i årets første treningskamp. Men eit baklengsmål på overtid øydela uavgjort.

Florø jublar for scoring
Foto: Mattias Bergset / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Florø gjekk i dag på sitt første tap sidan sommaren 2016, då dei prøvde seg mot Lillestrøm. Men oskeladden frå sildebyen gav eliteserielaget tøff motstand.

I første omgang hadde Florø god kontroll på Lillestrøm-angrepet, sjølv om Lillestrøm hadde overtaket. Målmann Jacob Storevik fekk ikkje så mykje å jobbe med før pausen, men i andre omgang heva Lillestrøm nivået og fekk fleire sjansar. Men Storevik i målet heldt Florø inne i kampen, med først ein kjemperedning, og like etter redda han ei straffe.

Nokre få minutt seinare fekk Lillestrøm ei ny straffe, men då kunne ikkje Storevik halde unna.

Prøvespelar viste seg fram

Midtvegs i andre omgang tok Florø over kampen, og Peter Aase plukka opp ein laus ball i feltet og sette inn utlikninga.

Ikkje lenge etter klarte Monir Benmoussa på mirakuløst vis å få med seg ballen gjennom feltet og sette inn 2–1 frå spiss vinkel. Ein stor prestasjon av spelaren på prøvespel.

Monir Benmoussa

SCORA: Monie Benmoussa er ein av to prøvespelarar som har prøvd seg i Florø denne veka. Mot Lillestrøm scora han målet som sende Florø i 2–1 leiing.

Foto: Truls Kleiven / NRK


Fem minutt før slutt utlikna Lillestrøm, og på overtid fekk dei inn eit mål som først vart annullert, men som dommarane til slutt godkjende. Det rotete 3-2-målet var det siste som skjedde i kampen.


Florø-midtstoppar Christer Husa er likevel nøgd med innsatsen.


– Vi gjer ein god kamp og gjer mykje bra i periodar. Og så gjer vi ein del som ikkje er så bra, men dette er første kampen og då synst eg det er greitt, seier Husa.


Trenar Terje Rognsø likar ikkje å tape fotballkampar, men er ikkje sur etter at uavgjort-resultatet glapp på overtid.


– Vi presterte brukbart, men vart litt naive der då vi slapp inn måla, og så får vi eit dumt baklengsmål på slutten. Men eg er ikkje så opptatt av resultatet i dag, seier Rognsø.

Jacob Storevik

TO STRAFFAR: Lillestrøm fekk to straffar, og av dei redda keeper Jacob Storevik ein. Her må han sjå ballen gå i nettet bak seg, og at Lillestrøm tok leiinga 1–0.

Foto: Mattias Bergset / NRK

Mange på skadelista

Akkurat no er det fleire spelarar som manglar, så laget presterer ikkje så godt som dei kan akkurat no, meiner trenaren

– Vi har seks-sju mann som ikkje er med på grunn av skade, så det hadde vi ikkje planlagt. Men vi får til mykje bra med dei spelarane vi har i dag, seier trenaren.

Lillestrøm klarte å unngå nedrykk heilt på slutten av sesongen i 2016, etter at Arne Erlandsen overtok som trenar for dei gule, få rundar før slutt. Erlandsen og Florø-trenar Terje Rognsø har snakka saman fleire gongar i vinter.

– Vi snakkar om utfordringane i klubbane våre, og spelarar. Det er alltid interessant å snakke med erfarne folk, og det er alltid noko å plukke opp, seier Rognsø.

Monir Benmoussa

SCORA: Monie Benmoussa er ein av to prøvespelarar som har prøvd seg i Florø denne veka. Mot Lillestrøm scora han målet som sende Florø i 2–1 leiing.

Foto: Truls Kleiven / NRK