NRK Meny
Normal

Omfattande ulovleg fiske i Nordfjord

I løpet av eitt døgn vart rundt 100 ulovlege hummarteiner og ruser oppdaga i fjordane i Nordfjord.

Registrering av beslag

REGISTRERING AV BESLAG: Politiet har avdekka eit omfattande ulovleg hummar fiske i Nordfjord.

Foto: Politiet

Aksjonen var eit samarbeid mellom Statens naturoppsyn, Fiskeridirektoratet, politiet og Kystvakta. Leiar for aksjonen, politibetjent Roar Bøe, i Gloppen, seier funna var nedslåande.

– Bakgrunnen for aksjonen er at vi har fått mange tips om at det går føre seg hummarfiske i Nordfjord utanom sesongen, seier Bøe.

Det vart gjort beslag i alle kommunane aksjonsgruppa var innom: Stryn, Eid, Gloppen, Bremanger og Vågsøy.

Alle dei ulovlege reiskapane var berekna på hummarfiske, sjølv om hummaren er freda fram til 1. oktober.

Kontrollmannskap

SJEKKAR FJORDANE: Mannskap frå politiet, Kystvakta, Statens naturoppsyn og Fiskeridirektoratet samarbeidde om kontrollen i Nordfjord.

Foto: Politiet

– Vi gjorde veldig mykje beslag, over 100 teiner som stod i sjøen det døgeret vi kontrollerte. Og alt var sett for å fiske hummar, som er ein utryddingstruga art, seier Bøe.

Teiner berekna for krabbefiske skal ha to fluktopningar på minst 80 mm, dei som vart funne i aksjonen hadde stort sett fluktopning på 60 mm, eller ingen fluktopningar.

Ruser er ikkje lovleg i det heile. All reiskap skal vere skikkeleg merka. Det meste av det som vart funne under aksjonen var umerka. Berre eit fåtal av teinene som vart kontrollerte var lovlege.

Kversette over 100 teiner

FANN MYKJE ULOVLEG: Over 100 ulovlege hummarteiner og ruser vart kverrsette i samband med kontrollen i Nordfjord.

Foto: Politiet

– Somme av dei ulovlege reiskapane var merka, noko som kan tyde at ikkje alle er klar over lover og reglar som gjeld. Men det har ein plikt å setje seg inn i. Hummaren er ein truga art, og ulovleg fiske etter den, er miljøkriminalitet, seier Bøe.

Alle ulovlege reiskap som vart funne vert destruerte.

– Målet med aksjonen var å stogge ulovleg fiske, men også å førebyggje. Difor er slike aksjonar viktige, og funna tyder på at dei er heilt naudsynte, seier Bøe.

Fleire titals personar blir no melde for ulovleg hummarfiske. Politiet startar og etterforsking med sikte på å også finne eigarane av det umerka utstyret som vart kverrsett.

– Det blir nok ingen lett jobb sidan det ikkje var merka, og vi er difor interessert i tips frå publikum, seier Bøe.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.