Hopp til innhold

Isolerte bygder og uavklara vassituasjon

Vegar skal ha fått omfattande skader som følgje av flaumen i Stryn. – Det har gått ras fleire stader, men vi har ikkje fått tilbakemelding om at hus eller menneske har vore i direkte fare, seier ordførar Sven Flo (H).

Innvik i flaum

UTAN VATN: Elvane gjekk over breiddene og gjort skade både på vegar og vassverket i Innvik.

Foto: Karin Vindfjell Frøholm

– Vegane til Lodalen og Oldedalen er stengde, og vassituasjonen i Innvik er framleis uavklara.

Slik summerer opp ordførar Sven Flo situasjonen etter flaumen som tysdag og natt til onsdag har råka Stryn.

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo seier situasjonen har stabilisert seg i Stryn, men at dei framleis har uavklara situasjonar.

Foto: Noralv Pedersen

– Vi har vore i kontakt med begge dalane, og er i beredskap med tanke på eventuell evakuering. Vi har også ein båt klar som raskt vil vere på vatnet om nokon må evakuerast eller blir sjuke, seier ordføraren.

Øydelagt vassverk

Onsdag morgon har situasjonen stabilisert seg. Nedbøren har roa seg og temperaturen har gått ned. Utover dagen er det venta at nedbøren vil komme i regnbye, og at snøgrensa vil gå ytterlegare ned.

Innbyggjarane i Innvik vil dei neste par dagane framleis vere råka av skadane som flaumen har gjort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum i Utvik

FLAUM: Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik var mellom fleire vegar i fylket som vart stengde som følgje av flaumen.

Foto: Jan Gunnar Myklebust

– Flaumen har gjort store skader på vassverket, men vi har også problem til å komme oss opp til vassverket. Vegane er øydelagde, seier ordføraren og seier dei vil få gjort ei ny vurdering av situasjonen når dagslyset kjem.

Køyrer ut vatn

Stryn fekk stabla på beina to tankbilar.

– Men det vil nok ta eit par dagar før vi får vatnet opp å gå. Til då har vi ei mobil vassteneste via tankbilar, seier Flo.

– Men det blir ei form for prioritering. Vi har omsorgssenteret, landbruk, skule og barnehage som vi må ha opp å gå, avsluttar Flo.