Hopp til innhold

Hektisk aktivitet og jobbing døgnet rundt for å opne Gudvangatunnelen

Statens vegvesen har eit utfordrande arbeid framfor seg med å rydde og sikre Gudvangatunnelen før den kan opnast for trafikk igjen.

Terje Moe Gustavsen/Gudvangatunnelen

PÅ SYNFARING: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen var i dag i Gudvangatunnelen for å sjå på det omfattande arbeidet etter dei store brannskadane.

Foto: Arne Veum/Monika Blikås

Gudvangatunnelen har vore stengd etter tunnelbrannen i byrjinga av august. I dag var vegdirektør Terje Moe Gustavsen på synfaring i tunnelen.

– Når arbeidet er ferdig er dette ein trygg tunnel. Vi har sterke krav til tryggleiken til denne og andre tunnelar. Men det kan skje noko og då kan konsekvensane bli store, men generelt er dette ein trygg tunnel, seier Gustavsen.

(Artikkkelen held fram under videoen)

Oppryddingsarbeidet etter brannen i Gudvangatunnelen viser seg å vera svært krevande.
Varmen frå lastebilen som brann har gjort fjellet svært porøs.
Mens reiselivet og transportmæringa ventar utålmodig, blir tunnelen no reinska for hand, meter for meter.

SJÅ TV-SAKA: Arbeidet med sikring av Gudvangatunnelen etter brannen er godt igang.

Mange er fortvila

5. august byrja ein semitrailer å brenne inne i den 11,5 km lange Gudvangatunnelen i Aurland. 80 personar blei evakuerte og mange av dei hamna på sjukehus etter ulukka.

Gudvangatunnelen har vore stengd sidan brannen og transportnæring og reiseliv er fortvila over den stengde tunnelen.

Dette er ein viktig veg for næringsliv og reiseliv og eg forstår at dei er utolmodige. Difor gjer vi det vi kan for å kunne opne så snart som mogleg og for å lette på den vanskeleg situasjonen, seier han.

Stor aktivitet i tunnelen

Regionvegsjef Helge Eidsnes var også med inn i tunnelen i dag. Han fortel at det er eit omfattande arbeid som er i gang.

Det blir no teke ned lause steinmasse og fjellet blir sikra med lange boltar slik at steinar ikkje skal komme ned. Fjellet blir sprøyta med sprutbetong og det blir lagt på matter og desse blir brannsikra. I tillegg blir tunnelsidene kvitmåla slik at det skal bli lysa å køyre i tunnelen.

– Det er stor aktivitet i tunnelen for å reparere dei skadane som blei i tunnelen. Vi skal ha brannøving og testing av nyinstallert utstyr. Det må vi gjere i lag med brannvesen, seier Eidsnes.

Han seier arbeidet er godt i gang og fortel at det er mange arbeidarar som står på for å sikre tunnelen.

– Vi har 20 montørar som koplar opp lys etter at alle kablane er skifta. Arbeidet med sprutbetongen er ferdig i morgon, Då står det att å leggje ny asfalt der semitraileren brann. Vi skal også lage nye kantlinjer og midtlinjer.

Kolonne for store bilar frå fredag

Fredag startar dei opp med kolonnekøyring for buss på dagtid og buss og tungbil om natta. Tunnelen blir opna for fri ferdsel i løpet av veke 36.

– Vi kan ikkje opne for fri ferdsel før den tid fordi nye naudinstallasjonar ikkje er på plass enno. Lyset er heller ikkje ferdig. Vi må ha brannøving, testing og godkjenning av brannvesen før tunnelen kan opnast for alle, seier han.

Gudvangatunnelen

UTBRENT: Det var dramatisk då semitraileren byrja å brenne i Gudvangatunnelen 5. august.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK