NRK Meny
Normal

Om tre veker skal hundrevis av løparar springe her...

Rekordmykje snø i fjellet gir arrangørane av fjelløp og motbakkeløp litt ekstra hovudbry i år.

Hornindalen rundt

SNØRIKT: Løpsleiar Amund Sverre Tomasgard og styreleiar Lars Alv Haugen sjekkar snøtilhøva i løypetraseen på Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

Til helga går Molden Opp som planlagt takka vere iherdig dugnadsarbeid. Og i Hornindal kan snøen gjere Norges tøffaste fjelløp, Hornindal Rundt, endå tøffare.

– På einskilde stadar skulle det ikkje vore snø i det heile på denne tida av året. No ligg det halvannan til to meter med snø der, seier mediesjef i Hornindal, Svein Otto Espe.

4. juli vert løpet arrangert for sjette gong, og per i dag er det om lag 300 personar som har meldt seg på.

Ikkje aktuelt å avlyse

Det er førebels uvisst om snøen får følgjer for Storehesten Opp om vel to veker, men for Norges Tøffaste Fjelløp i Hornindal må arrangørane vurdere alternativ for delar av den 75 kilometer lange løypa.

Kva dei gjer, er førebels for tidleg å seie, vedgår mediesjef Svein Otto Espe.

– Vi ser at vi kanskje må leggje inn einskilde justeringar på traseen. Vi skal ikkje la det gå ut over tryggleiken til løparane. Det er viktig, seier Espe.

– Er det aktuelt å avlyse løpet?

– Nei, det er det ikkje. Vi har gode terreng å vere i. Ein meter snø kan forsvinne fort, men den kan også verte liggjande lenge. På noverande tidspunkt er det vanskeleg å komme med eit fasitsvar, men vi skal ta utfordringane, seier Espe.

Traseen på Molden Opp

NESTEN SNØFRITT: Slik ser stien ut frå 5,5 kilometer og opp mot 6 kilometer.

Foto: John Ingar Bukve

Har sota og veita

Den utfordringa har arrangørane bak Molden Opp kommande helg allereie teke. Det sju kilometer lange motbakkeløpet frå Marifjøra i Luster går til fjelltoppen Molden på 1.116 meters høgde. Her var det naudsynt å gje snøen hjelpande hender.

– Vi har kalka ein del med sot, spesielt siste del av traseen. Der er det ganske fast. Vi får ikkje vekk snøen på dei siste 800 metrane mot toppen, men elles er det snøfritt. I tillegg har vi veita mykje langs stien slik at traseen skal bli tørr og fin, seier løpsleiar i Molden Opp, John Ingar Bukve.

Litt færre løparar enn i fjor

Arrangørane har også måtte trå til med spade for å få vekk ein del av snøen i løypa.

– Kunne de gjennomført løpet som planlagt dersom de ikkje hadde gjort desse tiltaka?

– Vi kunne nok gjort det, men det ville vorte litt meir problem med laus snøtrasé og meir vatn i løypa, seier Bukve.

Til no har 270 personar meldt seg på Molde Opp, noko som er 20 færre enn i fjor.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser