Hopp til innhold

Førde kan få om lag 50 nye arbeidsplassar

FØRDE (NRK): Regjeringa og Venstre vil flytte 45 stillingar i Fredskorpset til Førde. I tillegg kjem det fleire nye arbeidsplassar til regionkontoret til NVE.

André Skjelstad og Olve Grotle på Førde rådhus

NØGDE: André Skjelstad frå Venstre og ordførar i Førde Olve Grotle var godt nøgde då dei annonserte nyheita i Førde rådhus i dag.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Regjeringa og Venstre har vorte samde om å flytte arbeidsplassar ut av Oslo, og plassere dei i distrikta. I dag annonserte Venstre den første utflyttinga, nemleg at dei vil flytte fredskorpset, som ligg under utanriksdepartementet, til Førde.

– Dette vil ytterlegare styrke Førde som regionsenter, til beste for heile Sogn og Fjordane, seier Førde-ordførar Olve Grotle.

Nyheita vart presentert på ein pressekonferanse på Førde rådhus, med stortingsrepresentant for Venstre, André Skjelstad, Førde-ordførar Olve Grotle og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre til stades.

Førebels er dagens gladmelding til Sogn og Fjordane ein plan. Ei endeleg avgjerd om flytting vert tatt seinare i vår.

Les også: Venstre vedgår svak distriktspolitikk

Sveinung Rotevatn, Olve Grotle og André Skjelstad

GOD STEMNING: Sveinung Rotevatn var så begeistra for dei nye arbeidsplassane til distriktet, at han flaug frå Finland til Førde. Ordførar Olve Grotle var også glad for nyheita.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Flaug frå Finland til Førde

For Venstre har utflytting av offentlege arbeidsplassar vore eit av dei mest sentrale valløfta, og den siste tida har Sveinung Rotevatn vorte grilla på kvifor ingenting har skjedd.

Då han fekk beskjed om at dei kunne presentere fredskorpset til Førde, valde han å avslutte reisa han fram til i dag var på i Finland, og ta første fly heim.

– Dette er første del av avtala med regjeringa og vi har jobba med ei stor pakke. Den vert lagt fram snart, men vi ville gå ut med dette i dag, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Stortingsrepresentant for Venstre, André Skjelstad, seier Sunnfjordregionen sin erfaring med United World College (UWC) gjer dei til ein ideell kandidat for slike arbeidsplassar.

– Det er naturleg at vi har val ut ein plass utanom dei store byane. Førde har gjort mykje bra siste åra, og med UWC i Fjaler som driv med utviklingsarbeid rundt omkring i verda, er dette ein naturleg plass, seier Skjelstad om kvifor Førde kan få arbeidsplassane i Fredskorpset.

Jobbar betalt av skattebetalarar

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, trekk fram to hovudgrunnar til at dei vil flytte fleire statlege arbeidsplassar ut i distrikta.

– Den eine er at vi må skapa eit mangfaldig arbeidsliv utanfor Oslo. Den andre er at det er demokratisk riktig. Det er arbeidsplassar betalt av skattebetalarane og det må komme heile landet til gode, seier Rotevatn.

– Trur du dei som jobbar for Fredskorpset i Oslo vil flytte til Førde?

– Arbeidstakarar i privat sektor er vand med at arbeidsplassar vert flytta og dei i staten må også vera klar over at det kan skje, seier Rotevatn.