Hopp til innhold

Om fem land har Gunnar vitja alle verdas land to gonger

Før jul reknar NRK-medarbeidar Gunnar Garfors frå Naustdal med å vere den første personen som har vitja alle land i verda to gonger. Han kjenner seg trygg på at han aldri blir lei av å reise.

Gunnar Garfors

SNART FERDIG TO GONGER: Gunnar Garfors har snart vitja alle verdas land to gonger

Foto: privat

– Det er utruleg kjekt å kome tilbake til land eg har vore i før. Du ville jo ikkje gått på favorittrestauranten din berre ein gong?

Gunnar Garfors fortel entusiastisk om korleis han for eit par år sidan på ny vart oppslukt av eit omfattande reiseprosjekt. I 2013 var han ferdig med å besøkje alle dei 198 landa i verda. NRK pratar med han på telefon på veg mellom Uruguay og Paraguay.

Når han kryssar grensa til sistnemnde har han berre fem land att før han har vore i alle land i verda to gonger.

– Det byrja med at eg jobba med ei bok om dei tjue minst besøkte landa i verda. Eg fekk ein veldig glede av å besøkje land som Somalia for andre gong, og då skjøna eg at eg hadde lyst til å ta alle landa to gonger, seier Garfors.

Etter kvart reiste han tilbake til favorittland som Bhutan, Chile og Uganda.

– Det er så mange undervurderte land der ute. Uganda til dømes har jo fantastisk natur, regnskogar og spektakulære fossar. Når du reiser tilbake for andre gong kan du sjå ein heilt annan side av landet enn du gjorde første gong.

Globetrotteren seier og at det har vore spennande å sjå korleis land i Afrika og Asia har utvikla seg, og menneske har løfta seg ut av fattigdom.

Gunnar Garfors i Peru

I LATIN-AMERIKA: Gunnar Garfors er for tida i Latin-Amerika.

Foto: Gunnar Garfors

Har vore lei av å fly nokre gonger

Når du skal besøkje alle landa i verda må du innom nokre land som du ikkje berre kan spasere inn i, og det er ikkje alltid det er enklare den andre gongen.

– Det vanskelegaste landet å kome inn i har nok vore Turkmenistan. Eg fekk avslag på visumsøknaden min seks gonger. Til slutt melde eg meg på ein telecom-konferanse og søkte forretningsvisum. Då fekk eg til gjengjeld møte kommunikasjonsministeren på raud løpar, ler naustedølen.

– Blir du aldri lei av å reise?

– Nei. Eg kan bli veldig lei av å fly nokre gonger, men det går alltid over når eg kjem til ein ny plass og treff nye folk.

Å reise verda rundt er billegar enn nokon gong, men det er absolutt ikkje gratis.

– Eg har brukt opp alle sparepengane mine på denne andre runda. Eg har fått rundt 30.000 kroner i reisestøtte for boka eg skal gje ut, men det varte ikkje så veldig lenge.

Garfors trur altså han skal vere ferdig med dei fem siste landa før jul, men då må alt klaffe med visum. Det er berre Pakistan som står att av utfordrande land.