Hopp til innhold

Om du trur det eller ei – no kjem sola

Etter at vind og regn har regjert her vest, så er det sola sin tur til å freiste oss med sine varme stråler.

Haust i vest på gaularfjellet

SOL OG HAUSTFARGAR: Starten på oktober gir oss flotte haustfargar og strålande sol. Her frå Gaularfjellet, på veg til Frøyslandstøylen.

Foto: ANNA GYTRI / NRK

Byrjinga på oktober får ein fin start etter ein heller ruskete slutt på september med regn og vind i låglandet, og snø på fjellovergangane.

I dag byrjar eit herleg høgtrykk å bygge seg opp over Sør-Noreg.

– Det blir ein nordleg bris over fylket. Lite skyer og mykje sol, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Det har vore ei kald natt til sundag i Sogn og Fjordane, og enkelte stader ligg skodda tjukk, men når sola først kjem fram kan det bli ein fin sundag, meiner Fagerlid.

– Når sola får eit tak, så blir det ein riktig fin dag. Temperaturane vil ligge på kring 12 grader.

Går ei fin veke i møte

I september var det fleire varme og fine dagar, og byrjinga på oktober lovar godt.

– Det er starten på ein periode med fint vêr. Denne veka ser veldig lovande ut, fortel Fagerlid.

Skal du takke nokon for det fine vêret som vi no får nyte, så er det den varme vinden.

– Vi har varm vind frå kontinentet som blir pressa opp til Sør- Noreg på grunn av eit høgtrykk, seier Fagerlid.

Geir Ottar Fagerlid

MED GLADMELDING: Meteorolog Geir Ottar Fagerlid kan melde om ei fin veke her vest.

Foto: Meteorologisk Institutt

Temperaturane blir ikkje så hakkande gale framover heller, om enn litt kjøligare enn det var i september.

– Det blir fleire dagar denne veka med temperaturar opp mot 15 til 17 grader og med milde netter.

Kort summert er meteorologen ganske klar for korleis den første veka i oktober vil bli.

– Det blir ei fin veke, seier Fagerlid.

Del dine bilete med oss

Har du bilete av finvêr eller ruskevêr, så vil vi gjerne sjå dei. Del dei med oss på ein av desse måtane:

  • Instagram: merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
  • SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
  • Facebook: Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • E-post: Bruk e-post sf@nrk.no
Laster innhold, vennligst vent..