Hopp til innhold

Får du ein slik på kroken bør du registrere det

– Skal vi ha ein god forvaltningspolitikk, så er det viktig at vi får registreringane av all fanga pukkellaks, seier forskar Henrik H. Berntsen.

Pukkellaks

REGISTRERING: Pukkellaksen er eit stort problem aust i Finnmark, men i 2017 vart den fanga over heile landet. – Skal vi seie om den utgjer ein trussel mot laks og sjøaure, så er det viktig å vite kvar og når den vart fanga, seier forskar Henrik H. Berntsen hos NINA.

Foto: Naturtjenester i Nord / Rune Muladal

Frå i år av skal fangst av pukkellaks rapporterast inn i same system som all anna fangst av laks og sjøaure.

Forskar Henrik H. Berentsen ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), oppmodar også sportsfiskarar om å sende skjelprøvar av fisken.

– Gjennom DNA kan vi finne ut kvar fisken faktisk stammar frå. Kan vi ha ein rein norsk pukkellaks, eller er alt påfyll frå den russiske sida, spør forskaren.

Samlar informasjon

Det har vore lite forsking på laksearten som vart sett ut i Kvitsjøen nordvest i Russland. Etter «eksplosjonen» for to år sidan ynskjer forskarane å samle så mykje informasjon som mogleg.

Då vart det oppdaga nær 6.400 eksemplar av den uønskte laksearten i norske elvar. Den vart også fanga i Danmark, Frankrike, England, Svalbard og Island.

Jon Ivar Eikeland

SPENT: Fagsjef i Miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal, Jon Ivar Eikeland, er spent på kor mykje pukkellaks som kjem sørover langs norskekysten i år. I 2017 vart 30 av lakseelvane i Møre og Romsdal invadert av den svartelista pukkellaksen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I Møre og Romsdal er fagsjef Jon Ivar Eikeland i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal spent på kor mykje av yngelen i 2017 som kjem tilbake i år.

– Yngelen går med det same ut i havet og kjem attende halvanna år etter. I 2019 kjem yngelen frå 2017 tilbake, seier han.

Mørketal i 2017

Forskar Berntsen ventar dei første fangstrapportane tidleg i juli. Han fryktar ein verre sommar enn for to år sidan.

– Det er det vi er uroa for, men det kjem an på korleis overleving og veksten har vore i havet, seier han.

– Det kom dramatisk med fisk i 2017, men på grunn av dårleg overvaking er vi trygge på at det var store mørketal, legg han til.

Legg millionen på bordet

Henrik H. Berntsen

FORSKAR: Pukkellaksen er mest vanleg i Finnmark, men i 2017 vandra den langs heile norskekysten og nedover Europa. – Ein ynskjer at all pukkellaks skal registrerast og avlivast, seier forskar Henrik H. Berntsen i Nina.

Foto: Norsk institutt for naturforskning

Pukkellaksen, som tidleg i sesongen er ein god matfisk, er definert som ein høgrisikkoart i artsbanken. Den kan vere ein trussel for den atlantiske laksestammen og anna lokal fisk .

I det som blir villaksens år har Klima- og miljødepartementet sett av 1,3 millionar kroner for å stoppe ein eventuelt ny invasjon . Det er ei tredobling av potten frå i fjor og arbeidet blir koordinert av Fylkesmannen i Troms og Finnmark.

– Pukkellaksen gyter før villaksen, brukar same gytehabitat som laks og sjøaure, er veldig aggressiv og kan fortrenge stadeigen fisk. Den jagar vekk alt i nærleiken av gyteplassen, seier Berntsen.

Det som er sikkert, er at fisken er vanskeleg å bli kvitt. Det handlar om å halde bestanden nede.

– Kjem det få av den, så kan det fungere bra med ekstra uttaksfiske som i 2017. Men det kan vere vanskeleg i enkelte elvar. Det er vanskeleg å få gjort noko med den, om ein ikkje får gjort noko med kjelda, avsluttar Berntsen.