Olympisk meister frå Stryn

Ivar Ulvedal (Veten) har sikra Stryn både gull og sølv under Special Olympics World Winter Games i Idaho.

Ivar Ulvedal (t.v.), saman med milslukaren Per Knut Aaland.

Olympisk meister Ivar Ulvedal, saman med ein annan vinnar av olympisk medalje. Milslukaren Per Knut Aaland tok stafettsølv under OL i 1980 i Lake Placid.

Foto: Sogn og Fjordane skikrins

Natt til torsdag vart det sølv på ti kilometer klassisk. Tysdag vart det gull på den klassiske femkilometeren.

- For Ivar er det heilt enormt. Han var heilt overvelda og fantastisk lukkeleg. På sigerspallen var det ein fryd å sjå han, seier mor Anne Stubdal etter tysdagens gullmedalje.

Plukka jamt konkurrentar

Ulvedal starta femkilometeren tysdag med jamn, rask og god diagonalgang og plukka løparar gjennom heile løpet. I mål vart han lønna med medalje av edlaste metall. Stubdal fortel at sonen har vore i hardtrening sidan laguttaket vart klart.

- Han har aldri vore i så god fysisk form, og så god kondisjon som no, seier Stubdal.

- Det er stort

Olympics World Winter Games er dei olympiske leikane for menneske med psykisk utviklingshemming. Det norske landslaget består av 12 langrennsutøvarar og fem alpinistar. Heime i Stryn jublar treningskameratar i Veten over prestasjonen.

- Ein verdsmeister er ein verdsmeister. Det er like stort at Ivar tek gull, som at andre representantar frå Stryn eller andre stadar, tek gull, seier Ola Ødegaard, som trenar saman med den olympiske meisteren. Han er også miljøarbeidar ved Stryn Arbeidssenter, der Ulvedal arbeider.

Blir markert i Stryn

At Stryn har fått olympiske medaljar har ikkje gått upåakta hen av dei som styrer i kommunen.

- Vi fekk ei tekstmelding frå ordføraren i Stryn. Han gratulerte og inviterte Ivar til kommunestyremøte til ei markering. Vi tykkjer det er veldig kjekt å bli sett pris på, for dette har han jobba intenst for, seier Stubdal.