Hopp til innhold

Sogndal-trenaren meiner laget hans kan overraske dei fleste i år

– Vi kjenner at vi har noko stort på gang, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson framfor seriestarten i eliteserien i fotball denne helga.

Jonas Olsson

– NOKO STORT PÅ GANG: Sogndal-trenar Jonas Olsson meiner det er grunn til å sikte høgare på tabellen enn 12. plassen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Svensken som kom til Sogndal hausten 2011 har leia laget til ny kontrakt både i 2012 og 2013, begge åra hamna laget på 12. plass. Begge sesongane hadde laget gode periodar, men det enda med ein kamp for å berge plassen.

Likevel verkar Olsson trygg i trua på at Sogndal skal gjere det langt sterkare i årets sesong, som startar med bortekamp mot Stabæk søndag.

– Vi er på veg framover, vi har gjort det betre og betre, vi har hatt ei god oppkøyring med gode resultat mot andre tippeligalag.

Sjølv om mange av ekspertane i media har tippa Sogndal høgare på tabellen i år enn dei har gjort dei føregåande sesongane så er det ingen som trur at laget kan hevde seg i toppen, slik Ulrik Flo meiner.

– Blir nok 12. plass igjen

Karl Petter Løken, som saman med Arne Scheie har kome med tipsa til NRK trur at Sogndal som i fjor og året før må kjempe for å unngå nedrykk. Han tippar at det blir ein ny 12.plass, sjølv om han har merka seg at laget har gjort det godt i treningskampane før sesongen.

– Dei har bra resultat å vise til, dei har god kontinuitet på trenarsida og blir heilt sikkert vanskelege å slå i Sogndal, men eg trur likevel det endar med ein 12. plass.

NRK-sport

TIPPAR NY 12. PLASS: Karl Petter Løken (t.h.) og Arne Scheie trur ikkje Sogndal kjem til å blande seg inn på øvre del av tabellen.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Vinnarskalle

Jonas Olsson meiner dei som blir brukte som ekspertar i media ikkje har godt nok grunnlag for tipsa sine.

– Dei byggjer mykje på det dei les i aviser og andre media. Men dei som har vore her og sett Sogndal frå innsida forstår at Sogndal er eit bra fotballag som kan slå alle. Vi fokuserer uansett på det vi skal gjere.

Jonas Olsson trena IFK Göteborg til svensk seriemeisterskap i 2007, og han er fire gonger seriemeister som spelar for klubben. I Sogndal har han ikkje same budsjettet å rutte med, og han veit at Sogndal Fotball har eitt av dei lågaste budsjetta i eliteserien.

Difor veit han at det skal mykje til for at dei kan kjempe i toppen. Men Olsson er ein vinnarskalle, og han meiner Sogndal på mange område er best i landet.

– Anlegget vi har her, treningsmengda og treningskvardagen lovar eg er mellom dei beste i Norge. Det er ikkje mange som slår oss på den profesjonelle innramminga av kvardagen med veldig kompetente menneske i alle rollene.

Ulrik Flo

TRUR PÅ MEDALJE: Ulrik Flo er offensiv i tankegangen og trur Sogndal kan blande seg inn i medaljekampen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det sit i veggane her

Det er mange som meiner det er naturstridig at Sogndal i det heile er i eliteserien. Olsson er ikkje mellom dei.

– Det har ikkje noko med kor mange menneske som bur her og økonomi å gjere. Eg trur at Sogndal har ein kultur i å vere på dette nivået. Det sit i veggane her at det går. Det prøver eg å byggje på og gjere det endå betre. Skal vi ha som målsetting kvart år å berre berge plassen så blir det vanskeleg.

Han bryr seg lite om kritikken om at Sogndal spelar defensiv og kjedeleg fotball.

– Det er resultata som tel. Vi prøvde å spele offensivt heime mot Strømsgodset i fjor. Det enda med 0-5. Vi kan ikkje spele som Barcelona, då må vi trene i 20 år. Men vi har gjort framsteg, og utanom i ein kamp har vi scora i alle treningskampane i år.