Hopp til innhold

Ølsalet i indre Sunnfjord auka med 21,5 prosent. Han vil gjerne ha ølmonopol igjen

Frå 2011 til 2013 auka ølsalet i Førde med 85 prosent. 2011 var det siste heile året med ølutsal, og 2013 er det første heile året med butikksal.

Einar Solheim

GJERNE ØLMONOPOL IGJEN: Einar Solheim (Ap) vil erstatte butikksal med ølmonopol med lang opningstid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samstundes gjekk salet av øl ned i dei tre nabokommunane Naustdal, Gaular og Jølster, men langt frå nok til å oppvege den store auken i Førde.

Den 26. april 2012 vedtok Førde bystyre å legge ned Førde Ølutsal frå 1. juli same året og gje daglegvarebutikkane løyve til å selje øl.

Auke på 136.506 liter

No viser det seg at det samla ølsalet i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster har auka med 21,5 prosent, eller 136.506 liter frå 2011 til 2013.

Einar Solheim, som i 2011 var den fremste talsmannen for at Førde framleis skulle ha ølutsal, seier tala er ei stadfesting på det dei frykta i 2012.

– I debatten vart det sagt at ei innføring av butikksal av øl ville føre til nedgang i vinsalet til Vinmonopolet. Det har ikkje slått til, for den nedgangen vi ser ved utsalet i Førde er meir enn kompensert ved salet på utsalet i Askvoll, som vart opna i 2012.

Ordførar Olve Grotle i Førde er ikkje overraska over at ølsalet har auka i Sunnfjord etter at Førde gjekk over til butikksal av øl.

– Ein av grunnane er at Førde er ein handelsby, og når folk kan kjøpe øl i butikk så vil denne handelsbyeffekten også slå ut på øl. Forsking viser at når ein avviklar eit ølmonpol så går salet av vin ned. Her har vi hatt ein liten nedgang i vinsalet, men det kan og skuldast andre forhold.

Ølbur på Rema 1000 i Førde

FRÅ ØLUTSAL TIL ØLBUR: Frå 1. juli 2012 har kundane henta øl frå slike bur i butikkane i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nedgang i nabokommunane, men...

Her er salstala for dei fire kommunane i indre Sunnfjord for det siste heile året med ølmonopol i Førde - 2011 - og det første heile året med butikksal i Førde - 2013:

  • I Førde vart det i 2013 selt 450.788 liter øl i butikkane, i 2011 var talet 243.685 liter, ein auke på 85 prosent.
  • I Naustdal vart det i 2013 selt ca. 104.000 liter øl, i 2011 var talet 129.551 liter, ein nedgang på 20 prosent.
  • I Gaular vart det i 2013 selt 81.194 liter øl, i 2011 var talet 97.821 liter, ein nedgang på 17 prosent.
  • I Jølster vart det i 2013 selt 124.712 liter øl, i 2011 var talet 154.712 liter, ein nedgang på vel 19 prosent.
  • I alle fire kommunane til saman vart det i 2013 selt 770.464 liter øl (medrekna ølsalet på Vinmonopolet), i 2011 vart talet 633.958 liter, ein auke på 21,5 prosent.
Førde ølutsal

SLIK VAR DET: Fram til 1. juli 2012 måtte folk på Førde Ølutsal for å handle øl, om dei ikkje ville ta turen til ein av grannekommunane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Ølmonopol ope til midnatt

Einar Solheim meiner det er mange argument for å gjeninnføre ølmonopol.

– Eg personleg ville ha føretrekt det. Eg meiner det ville vere betre med eit ølmonopol som hadde ope alle vekedagane til midnatt enn å ha det i butikkane. Spørsmålet er om vi torer å føreslå det, men eg meiner det hadde vore ei smart investering for framtida.

Solheim meiner at butikksal av øl ikkje har så mykje å seie for ungdom og alkoholikarar, fordi desse gruppene får tak i ølet uansett. Det er dei langsiktige effektane på vaksne og eldre han er redd for.

– Forskarane viser til at eit alkoholkonsum som sakte med sikkert aukar på lengre sikt fører til auka alkoholskadar. Dei seier at når vasstanden aukar fører det til at stadig fleire blir blaure på føtene, og det trur eg er rett.

– Ikkje aktuelt

Men ordførar Olve Grotle meiner det er uaktuelt med ein omkamp om ølmonopol.

– Så vidt eg veit er det ikkje att nokon kommune i landet med ølmonopol, og eg har ikkje fanga opp at det skal ha vore noko stemningsskifte i det politiske miljøet i Førde. Så med dagens bystyre ser eg nesten vekk frå det.

Ordføraren er likevel budd på at det kan bli aukande alkoholproblem i Førde.

– Motstykket til sal av alkohol kan vere dei alkoholproblema som kan kome. Det skal vi ta på alvor. Men å innføre ølmonopol på nytt trur eg ikkje er aktuelt.

Olve Grotle

IKKJE ØLMONOPOL IGJEN: Ordførar Olve Grotle (H) seier det ikkje er politisk stemning for å gjeninnføre ølmonopol i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Auke både av øl, vin og brennevin

Eit anna moment som tel med er at Vinmonopol-utsalet i Førde har hatt nedgang i salet av vin og særleg brennevin i same perioden. I 2011 vart det selt 77.629 liter brennevin, i 2013 68.116 liter, ein nedgang på vel 12 prosent.

Salet av svakvin gjekk ned frå 299.662 liter i 2011 til 286.389 liter i 2013, det er ein nedgang på 4,4 prosent.

Men informasjonskonsulent Ida Brenden Engholt meiner nedgangen på polutsalet i Førde ikkje har noko med overgangen til butikksal av øl å gjere.

– Grunnen til at Førde har hatt ein nedgang i det totale salet frå 2011 til 2013 er at vi i juni 2012 opna ny butikk i Askvoll. Det er sannsynleg at den nye butikken har teke noko av salet fra Førde.

Vinmonopolutsalet i Askvoll selde 37.000 liter alkoholhaldige drikkar i 2013. Det er nesten dobbelt så mykje som nedgangen ved utsalet i Førde. Med andre ord var det samla salet av vin og brennevin i Førde og Askvoll i 2013 høgare enn salet i Førde i 2011, samstundes som ølutsalet i indre Sunnfjord auka med 21,5 prosent.