NRK Meny
Normal

Høgst usikker framtid for ølpolet

Framtida for eit av Noreg sitt siste ølmonopol heng i ein tynn tråd etter valet. Sjølv Ap sin ordførarkandidat vil no sørge for at butikkane får lov å selgje øl.

Førde Ølutsal

KAN RYKE: Ølpolet i Førde kan ryke i den komande kommunestyreperioden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange av representantane for partia kan nemleg røyste uavhengig av partiprogrammet. Førde er saman med Fauske og Vefsn i Nordland dei siste kommunane med ølmonopol i landet.

NRK sin valgomat syner stort engasjement for framtida til det omdiskuterte og tidvis utskjelte ølpolet i Førde. Også i Nordland har denne saka vekt stor merksemd no i valkampen.

Vil bryta med programmet

Ordførarkandidat for Arbeiderpartiet, Terje Gjertsen er sterkt engasjert i denne saka. Han kjem til å stemme mot sitt eige partiprogram når saka kjem opp i kommunestyret.

Politiadvokat Terje Gjertsen.

NEI TIL POL: Ap-topp i Førde, Terje Gjertsen, meiner at tida for ølpol no er ute.

Foto: NRK

– Om eg skal seie kva vårt parti står for, så har vi det i vårt program at vi ønskjer å oppretthalde ølpolet. Det er partiet sin offisielle politikk. Spørsmålet her går på alkoholpolitikk, og då står vi fritt. Mitt synspunkt på ølpolet er at det bør avviklast, seier Gjertsen til NRK.

Les Fylkesleksikonet sin artikkel om soga bak ølpolet i Førde

Berre KRF krev at representantane røyster for å bevare utsalet. Representantane for dei andre partia står fritt til å røste etter eiga overtyding.

Sp er splitta i saka

Iris Loftheim i Senterpartiet vil følgje partiprogrammet og røyste for å bevare ølpolet. Men ho vedgår at partiet er splitta.

– Der er det veldig delte meiningar, det veit eg. Vi veit jo ikkje kven som kjem inn av dei som står på lista. Slik sett kan eg ikkje seie noko om kvar vektskåla vil tippe, trur Loftheim.

Kan verte fleirtal mot

Framtida til eit av dei siste ølpola i Noreg er dermed usikker. Valet kan snu fleirtalet som til no har vore for å behalde polet.

Det er opp til veljaren å finne ut kva den enkelte representant meiner om saka.

Kva meiner du om ølpolet i Førde? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser