Av:
Lars Petter Degnepoll /
Arild Nybø /
Fem representantar frå Senterpartiet i Gloppen, som gjekk til val på å behalde ølmonopolet i kommunen, sytte i går for at monopolet blir oppheva.
Irene Nesje Roset var ein av dei som gjekk imot partiprogrammet, og røysta for øl i butikkane. Ho vedgår at det er pengane som rår.