Hopp til innhold

Oljeslammet var svært giftig

Tankane som gjekk i lufta i Sløvåg inneheldt same type giftig oljeslam som tok livet av minst 14 menneske i Elfenbeinskysten

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

Det stadfestar seksjonssjef Harald Sørby i Statens forureiningstilsyn til Bergens Tidende.

SFT seier at skilnaden mellom Elfenbeinskysten og Gulen er at i Afrika vart oljeslammet dumpa på ein søppelplass der fattige leitar etter mat, mens i Gulen brann mykje av gifta opp.

Innbyggjarar i Gulen slit framleis med helseplagar etter ulukka i fjor.

Uvitande Vest Tank-leiing

Tidlegare leiar Jostein Berland i Vest Tank stiller seg uforståande til opplysningane frå SFT.

- Vi har berre behandla olje. Det var ikkje meininga at det skulle resultere i ein eksplosjon, seier Berland.

- Har ikkje gjort noko gale

Berland vil ikkje beklage det som har skjedd.

- Så lenge eg ikkje veit om vi har gjort noko gale, kan eg ikkje beklage det som har skjedd. Og sånn som eg ser det har vi ikkje gjort noko gale.