Hopp til innhold

Oljeselskap nektar politisamarbeid

Selskapet som er sikta for å frakte ulovleg avfall til Gulen i Sogn og Fjordane nektar å samarbeide med norsk politi.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

NRK avslørte at det mektige oljeselskapet bevisst førte tankanlegget Vest-Tank bak lyset - før eksplosjonen i 2007 som førte til at mange i området fikk helseplager.

Vil ikkje la seg avhøyre

Hans Tore Høviskeland

Hans Tore Høviskeland

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland fortvilar over at Økokrim ikkje får informasjonen dei treng.

- Vi har ønska det i lang tid, men det har ikkje latt seg gjere. Vi har inntrykk av at dei ikkje ønskjer å samarbeide i denne saka, seier han.

Det er det tredje største uavhengige oljehandlarselskapet i verda, Trafigura, som nektar å la seg avhøyre av Økokrim.

Tenkjer berre på pengar

– Trafigura verker på meg som ein helt kynisk aktør som berre har eitt fokus, nemleg pengar. Det verkar som om dei ikkje bryr seg om miljøet og dei som blir påvirka av det dei gjer, seier Gjermund Halsvik, ein av naboane til tankanlegget i Gulen.

Han frykter at oljegiganten skal sleppe å ta ansvar for det dei har gjort.

– Eg er redd for at Trafigura kjem til å sleppe unna viss ikkje norsk politi kan sette makt på krava, seier han.

Største miljøkatastrofen i Norge

Vest-Tank-ulukka i 2007 er omtalt som den største miljøkatastrofen i Norge. Fleire hundre menneske i Gulen og nabokommunen Masfjorden blei sjuke av gassen som eksploderte.

Onsdag blei det kjent at selskapet var fullstendig klar over at dei frakta giftig avfall til Norge - og at ingen andre land ville ta hand om det ulovlege bensinproduktet deira.

Dette er informasjon Vest-Tank seier dei aldri fekk kjennskap til . Og noko Trafigura ikkje ønskjer å dele med Økokrim.

- Vi har sendt rettsoppmoding til England for ein god stund sidan. Vi ønskjer også å få tak i ein del meir informasjon frå Trafigura, og vi ønskjer å avhøyre sentrale personar i Trafigura, seier førstestatsadvokaten.

Avhengig av internasjonalt samarbeid

Jus-professor Inge Lorange Backer ved Universitetet i Oslo meiner at det set eit stempel på Trafigura når dei ikkje vil samarbeide med dei norske styresmaktene. Han trur dette kan påverke den vidare etterforskinga.

- Det er ein viss risiko at ein ikkje lukkast å gjennomføre etterforskinga på ein slik måte at ein får grunnlag for å ta ut tiltale eller skrive førelegg.

For det er ikkje mogleg for Økokrim å tvinge selskapet til avhøyr i utlandet.

- Økokrim er avhengig av internasjonalt politi- og påtalesamarbeid. For norske styresmakter kan berre bruke tvang på norsk territorium.

Trafigura ønskjer ikkje å kommentere denne saka overfor NRK, og viser til at saken er under etterforsking i Norge.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.