NRK Meny
Normal

No kan Tore velje og vrake - også blant overkvalifiserte søkjarar

Energi- og el-selskapa i Sogn og Fjordane melder om ein dramatisk auke i talet jobbsøkjarar. Medan andre bransjar slit med å få tak i rett kompetanse, har det for andre endeleg losna.

Tore Hjelle i Eid Elektro

STOR BUNKE: – Her har vi ein som har jobba sidan 2000, med ein variert praksis. Dei siste åra har han jobba offshore, han har fagbrev innan fleire felt, er godt kvalifisert og ønskjer å flytte på seg. Slike eksempel har vi mange på, seier Hjelle medan han blar i søknadane på stillinga som servicekoordinator.

Foto: Silje Guddal / NRK

På kontoret sitt i Eid blar teknisk sjef Tore Hjelle i Eid Elektro i ein stor bunke søknader. Verksemda som mellom anna leverer el-tavler og styringssystem til vegtunnelar fekk før inn nokre få søknader på ledige stillingar.

No blir dei kontakta av arbeidsledige kvar einaste dag.

– Hadde vi søkt etter folk for eitt eller to år sidan, hadde vi kanskje fått ein til to søkjarar. No har vi 40–50 søkjarar til ei stilling på Nordfjordeid. I Bergen kjem vi fort opp i 100 søkjarar når vi søkjer etter tavlemontør, seier Hjelle.

Tilstrøyminga er kjærkomen

Arbeidsløysa i Norge aukar, og nær 80.000 personar er no registrerte som heilt utan arbeid hos NAV. Men Sogn og Fjordane skil seg ut. Talet ledige stillingar aukar, arbeidsløysa er låg og enkelte næringar slit med å få tak i folk.

Innan elektro- og kraftbransjen har nedgangen i oljenæringa fått eit positivt utslag, og fleire melder om ein stor auke i talet jobbsøkjarar.

– Prosentvis har talet søkjarar auka med fleire hundre prosent. No får vi kanskje 60–70 søkjarar på ei stilling, seier personalsjef Marit Moene i Sunnfjord Energi.

I ein bransje som vil få mange pensjonistar om få år er tilstrøyminga frå oljenæringa kjærkomen.

– Det har vore tøft for den landbaserte industrien å konkurrere med offshorenæringa om veldig attraktiv kompetanse. No blir det lettare, og vi nyttar høve til å byggje opp organisasjonen vår, seier Moene.

Tore Thorsnes

ATTRAKTIVE: Nav-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, meiner verksemdene i fylket må gjere seg attraktive. – Det er ikkje sikkert at folk prioriterer å reise til Sogn og Fjordane, viss ikkje dei verksemdene som tilbyr arbeidsplassar er attraktive i seg sjølv, seier han.

Foto: NAV

– Må gjere seg attraktive

NAV-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, oppmoda sist veke alle verksemdene i fylket om å søkje etter folk utanfor fylkesgrensene, og kalla det ein historisk sjanse.

– Den historiske sjansen dreier seg også om å gjere seg attraktive i konkurransen om denne arbeidskrafta, sa han.

Thorsnes får støtte frå personalsjef Ole Bent Søreide i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Han meiner bedriftene kan bli enda betre på å trekkje til seg arbeidstakarar.

– Vi må vise at vi har jobbmoglegheiter og kompetansearbeidsplassar, seier Søreide.

– Vil ikkje offshore att

På Eid Elektro kan Tore Hjelle velje frå øvste hylle. Fleire av søkjarane er eigentleg overkvalifiserte.

At desse fort kan forsvinne om oljebransjen får eit oppsving, er noko dei har tenkt over.

– Vi har snakka med søkjarar, og mange seier at når dei no kjem på land, vil dei ikkje reise offshore att. Kanskje dei har merka at det er litt utrygt i den bransjen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.