Hopp til innhold

No blir Hellenes med på den grøne energibølgja

Hellenes-gruppa i Førde vil satse på fornybar vekst i åra som kjem. Verksemda har slått seg opp som leverandørbedrift til oljenæringa, men no investerer dei i selskap som skal skape ny grøn energiproduksjon.

Agnar Hellenes

SATSAR GRØNT: Agnar Hellenes meiner det er heilt sentralt at verksemda no blir med på ei grøn utvikling.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hellenes-gruppa har tradisjonelt tent pengane sine på å vere leverandør til olje og gass-industrien.

No har dei i tillegg blitt ein del av eit større lag av verksemder, institusjonar og investorar på Vestlandet som drøymer om å skape ein ny stor energigant basert på fornybar energi.

– Framtidsnæring

– Vi har jo sett ein del tog har gått tidlegare på enkelte område. Om vi kjem på bana og vi veit at vi er gode nok, så kan dette framtidsnæring etter kvart, seier Hellenes-eigar Agnar Hellenes.

Selskapet Greenstat går for storsatsingar innan til dømes havvind, jordvarme og hydrogen, og Hellenes meiner det dei gjer no er ei naturleg forlenging av det Hellenes-gruppa har gjort lenge.

Vegard Laukhammer CMR

GODT NØGD: Gründer Vegard Laukhammer har no fått med seg Hellenes-gruppa i Førde på laget for etableringa av Greenstat.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Utgangspunkt i Bergen

– Oljealderen kjem til å vare veldig lenge, men over tid må det jo gå ned. Vi kan ikkje forbruke så mykje som vi gjer. Men den verdien oljen har skapt for oss er med å få til eit grønt skifte. Difor må vi i Norge ligge frampå, sidan vi har dei ressursane vi har, seier Hellenes.

Det er med utgangspunkt i forskingsmiljøet ved Christian Michelsens Resarch i Bergen at Greenstat er skipa. Investorane er alt frå Sparebanken Vest, Bergen næringsråd og Trond Mohn.

– Viktig med rette aktørar

Så langt har Hellenes gått inn med 100 000 kroner, og sjølv om det er lite pengar er det eit viktig innskot for Greenstat, seier initiativtakar Vegard Laukhammer.

– Det som er viktig for oss er at vi har dei rette aktørane mellom det gamle og dei som er moglegheiter i det nye. Vi ser fram til å samarbeide med Hellenes, slik at dei kan vere med oss å utforme dei løysingane som Greenstat skal leve av i åra framover.

Hellenes-gruppa i Førde har tru på olje og gassnæringa i mange år framover. Men verda treng nye energiformer alt i dag, og det vil dei vere med på, slår Agnar Hellenes fast.