Hopp til innhold

Olje- og helikoptermiljøet i Florø er sterkt prega av ulukka

Oljebasen i Florø og tilsette ved lufthamna i kystbyen er djupt prega over helikopterulukka. 13 personar var med i helikopteret, elleve personar er så langt funne omkomne.

Helikopter styrtet ved Turøy

STYRTA: 13 personar var om bord i helikopteret som styrta ved Turøy fredag klokka 12. helikopteret var på veg frå Gullfaks B til Flesland. 11 norske statsborgarar var om bord, ein var italiensk statsborgar og ein britisk statsborgar.

Foto: 03030-tipser

– Først og fremst så er det ei djup tragedie. Vi har hatt ein veldig tung ettermiddag her på basen. Det er samtalen i alle gangar og maskiner. Det heile verkar surrealistisk, seier administrerande direktør, Leif Stavøstrand ved Saga Fjordbase i Florø.

13 personar var om bord i helikopteret som styrta ved Turøy på grensa mellom Fjell Øygarden kommunar. Helikopteret frå CHC Helikopter Service var på veg frå Gullfaks B til Flesland. I tillegg til pilotane var dei andre tilsette i Statoil eller underleverandørar i selskapet.

Leif Stavøstrand

PREGA: Oljenæringa er eit relativt lite miljø, dermed blir alle prega av helikopterulukka, seier administrerande direktør i Saga Fjordbase, Leif Stavøstrand.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Slike ulukker pregar alle i bransjen. Her i Florø har vi aktivitet til og frå Nordsjøen, så det pregar nok dei tilsette, seier lufthamnsjef ved flyplassen i Florø, Siv Merete Stadheim.

Statoil flyr tilsette ut til plattformar frå Florø, og CHC helikopterservice opererer også frå kystbyen.

– Alle kjenner alle

– Miljøet i luftfartsbransjen er tett. Vi tenkjer på kollegaene som er involverte både direkte og indirekte, seier Stadheim.

Resten av helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen er kansellert, også frå Florø. Mesteparten av trafikken som går til og frå Florø blir gjort med ein anna helikoptertype, fortel Stadheim.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

KANSELLERT: All helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen er avlyst fredag, fortel lufthamnsjef i Florø, siv Merete Stadheim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Saga Fjordbase er ein av dei største forsyningsbasane i Noreg. Fram til i fjor var dei også leverandørar på Gullfaks.

– Vi forsyner ikkje lenger Gullfaks, men har hatt nære relasjonar til Statoil og Gullfaks i mange år. Sjølv om det kanskje ikkje er noko frå INC som er på Gullfaks, så er det sikkert folk frå regionen og Sogn og Fjordane på plattforma, seier Stavøstrand.

Han fortel at det er eit relativt lite miljø i oljenæringa, noko som gjer at ei slik hending pregar alle sterkt.

– Har du vore i næringa lenge, så har du kontaktar overalt. På ein måte så kjenner alle.