Hopp til innhold

Etter å ha låst seg ute frå bilen 10-12 gonger, fann Ole Eivind råd...

Du har kanskje opplevd det du også, bilen er pakka, ferien står for tur og både stressnivå og blodtrykk er farleg høgt. Då skjer det. Du veit det nesten før bildøra har gått i lås. Du er utelåst!

Henden

ØVER SEG: Ole Eivind Henden har funne sin eigen måte å løyse det på når nøkkelen blir att inne i bilen. Han dirkar seg rett og slett inn sjølv.

Ole Eivind Henden frå Sandane har lang erfaring med nettopp det å låse seg ute frå bilen.

– Å låse nøklane inne i bilen trur eg at eg har gjort 10-12 gonger. I gamle dagar måtte eg ha bilbergar til å hjelpe meg, men no er det så mykje fint på Youtube at eg har lært med å dirke opp bilen sjølv, seier Henden, som no tek det knusande med ro dersom nøkkelen er inne i bilen og han utanfor. Med ei låst dør imellom.

Skjønte at han berre var nøydd til å lære seg det

Men han hugsar framleis nokre episodar frå før han var vorten skikkeleg driven. Som til dømes den gongen dei stod på Gardermoen og hadde nett komme att frå ferietur.

– Vi var godt slitne og skulle heim. Vi heiv ting inn i bilen for å komme oss fort av garde. Plutseleg var bilen låst. Og bagen med nøklane i, var inne i bilen. Det var ikkje noko særleg, seier Henden.

Den gongen kom det ein kjekk kar frå Falcken som visste råd.

– Han hadde med seg ein oppblåsbar belg som han la mellom døra og karmen, og fekk opna opp og dirka. Det var veldig imponerande for borna å sjå ein fagmann i arbeid, så då fann eg ut at dette måtte eg også lære meg, ler Henden.

Har ein bil som låser seg sjølv

Seinast i går fekk han nytte av kunnskapane sine.

– Eg har ein litt eldre Toyota som har det med å låse seg sjølv når eg let att bakluka, uavhengig om det er nøklar der eller ikkje. Då måtte eg til med kile og ein gammal kleshengar. Når eg får ei lita opning på døra, så smetter eg inn kleshengaren og opnar. Det fungerer veldig bra, seier Henden.

Ole Eivind Henden

NYTTIG: Ole Eivind Henden har lært seg eit triks eller to frå Youtube. Det kjem godt med når ein har ein bil som av og til låser seg att sjølv.

Foto: NRK

I tillegg til at det er snedig å kunne slikt sjølv, er det sjølvsagt pengar å spare. Iallfall dersom du har for vane å gjere slikt ofte.

– I går sparte eg glatt 500 kroner. Så slike små triks kan hjelpe i kvardagen, seier Henden.

Klarar det på eit par minutt

Og det er jo ein gong slik at ting ein gjer ofte, vert ein ganske god på.

– Rekorden min på å få opp ei låst dør ligg no på to-tre minutt. Men eg ser jo at dei som kan dette skikkeleg, gjer det på få sekund, og det er jo verdt å merke seg når ein er på ferie. Bilen er langt frå sikker sjølv om han er låst, så det kan bli dyrt viss ein går frå mykje ting i bilen, seier Henden.

Om det ligg til familien å låse inn nøklar i bilen, skal vi late vere usagt. Men også svigerforeldra til Henden har hatt sine episodar. Éin av dei stikk seg litt ut.

– Dei måtte ta turen fram og tilbake med ferja Hareid-Sulesund tre gonger fordi nøklane låg inne i bilen og ferjemannen trengde tre turar for å få opna bilen. Då burde eg ha vore der, då trur eg det hadde halde med berre éin tur, seier Henden.

Også han har råd å komme med, dersom du skulle vere uheldig å skilje lag med bilnøklane dine, på ein slik måte at du ikkje kjem deg av flekken.

– Det er mykje fint på Youtube. Der kan du sjå korleis ein gjer slikt. Og så bør du ha ein eldre bil som toler at du får ein liten skade på bilen. Har du ny og fin bil, så bør du ringje bilbergar. Dei har utstyr som gjer det utan at bilen vert skadd, seier Henden.