– Det var vanskelege spørsmål i dag, seier Peder Skåden.
Han og resten av vinnarlaget frå Olden kom dårleg ut i første runde med berre eitt poeng av fire moglege, men dei henta seg inn dei to neste rundane og stod til slutt att som vinnarane av klassequizen i Sogn og Fjordane.
– Kanskje var det derfor utslagsgivande at ein på laget hadde ein ekstra motivasjon til å vinne?
– Det var viktig å avgjere kven som er den smartaste i Vangberg slekta, seiar Marcus Vangberg, som saman med resten av Olden skule slo ut firmenningen Sondre Vangberg og laget til Eid ungdomsskule i ein tett finale.
– No er det nye målet å vinne heile greia.
- Les også:
Thriller på slutten
Det stod likt mellom Eid og Olden etter to rundar. Etter ein tett siste runde stod Olden skule att som vinnar med sju poeng. Eid hamna på seks poeng og andreplass medan Sande enda på tredjeplass med fem poeng.
Det var eit spørsmål om torsketype som til slutt vart tunga på vektskåla. Laget til Olden skule var dei einaste som hadde riktig svar på kva for torsketype som blir fiska under Lofotfisket. Eid ungdomsskule som hamna like bak kom på svaret, men var i tidsnaud og fekk det difor ikkje ned på papir.
Til landsfinalen
– No er det berre å gi full gass, seier Peder og siktar til finalane i Oslo 23. mai.
– Men det blir kanskje tøffare motstand i Oslo, spekulerer Marcus Vangberg som tenker på at motstanden der også vil ha vunne finalane i sine eigne fylke.