Olden-Innvik skrekkens eksempel

«Den oppsplitta utbygginga av Olden-Innvik er eit skrekkens eksempel»

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

KRITISK:Lite effektiv utbygging av Olden-Innvik.

Foto: Heidi Ravnestad

Det er avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, som kom med denne kraftsalven under ein pressekonferande på Skei torsdag. Slinde er lei av mange små økonomiske løyvingar i vegsektoren.

Kritisk

–Små løyvingar over mange år gjev lite effektiv utbygging. Det gjev lite effektiv planlegging, det gjev ein lite effektiv organisasjon for byggherren og det gjev små anbod med mykje oppstykking. Vi får korte strekningar med dekkelegging og korte tunnelar, seier Slinde.

Kastar vekk pengar

– Så her har det vore kasta vekk mykje tid og pengar?

– Ja, det er kasta vekk både tid og pengar.

– Du nemner Olden-Innvik som eit skrekkens eksempel. Kvifor?

– Det er fordi vi har bygd mange korte strekningar og halde på der i mange år. Dette har gjeve ei lite effektiv utbygging.

Må samle opp pengar

– Men no kan det sjå ut som dette vil halde fram også vidare. Dette fordi fylkesvegbudsjettet ser ut til å bli kraftig redusert i åra som kjem. Kva er din kommentar til det?

– Resten av Olden-Innvik vil bestå av ein lang tunnel, og strekninga i dagen vil trenge masse frå tunnelen. Vi vil difor tilrå fylkeskommunen å samle opp pengar slik at ein får bygd siste delen av Olden-Innvik i eit prosjekt, seier Slinde.

Får støtte av regionvegsjefen

Regionvegsjef Helge Eidsnes sa seg samd med Slinde i at mange små løyvingar og utbygging av korte parsellar er både lite effektivt og fordyrande.