NRK Meny
Normal

Olav Stedje skapte Beatles-tendensar

Under årets Fres Festival var det store lausbartar, høg allsong og Beatles-tendensar. Sånn blir det når Olav Stedje er ein av artistane.

Fresn

MØTTE SIN STORE HELT: Desse fire frå Krokøyri pynta seg med store bartar. Alt til ære for Olav Stedje.

Foto: Kari Nygard Tvilde / Fres Festival

– Heilt fantastisk. Det er sjeldan eg opplever ei stemning som det var i Fresvik. Det var allsong frå første augeblikk, ler Olav Stedje.

Det var Beatles-tendensar då Olav Stedje kom på scena under årets Fres Festival i Fresvik. Med lausbartar i alle størrelsar song publikum med av full hals, og mellom låtane var det Olav Stedje dei ropte på.

– Gamle mannen som står på scena og ungdomar som kan tekstane. Dei hadde utstyrt seg med bartar, og det er jo berre utruleg morosamt, fortel Stedje.

Laurdagens konsert enda med å bli av det rørande slaget for Stedje.

– Både gamle og unge song med. At dei unge kan songane er noko eg blir audmjuk og rørt av.

Sjå fleire bilete frå Fres Festival:

Kveldens mest populære sogning

Fres er gjerne ikkje den type plass Stedje vanlegvis opptrer.

– Eg må vel sei at det har blitt mindre festivalar med åra. Det var kjekt dei spurte meg, for eg har høyrt mykje bra om festivalen i Fresvik.

For Gunnar Husabø i festivalleiinga var det Stedje eit sjølvsagt val til årets festival.

– Vi likar han veldig godt. Ikkje minst tar vi berre inn artistar som vi likar sjølv.

Publikum i alle aldrar pressa seg fram mot scena for å komme nærast mogleg kveldens mest populære sogning.

– Stemninga var både stor og magisk under konserten til Olav Stedje. Folk stod heilt framme og song med, fortel Husabø.

Utseld festival

Nok ein festival er overstått i Fresvik, og det er ingen tung dagen deretter for festivalleiinga og Husabø.

– No har vi det strålande. Festivalen har vore særs kjekk. Det siste eg veit er at festivalen var utseld.

Det var vanskeleg for Husabø å finne høgdepunkt etter helga.

– Den største produksjonen i løpet av helga var Veronica Maggio på fredag, men eg syns ofte det er morosamt med konsertane tidlegare på kvelden. Dei er det gjerne ikkje like mykje folk på. Likevel må eg sei at alt var strålande bra.

For dei som håper på Olav Stedje til neste års Fres Festival, så kunne Husebø avslutte med følgande.

– Han er hjarteleg velkomen tilbake.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast