OL gir blanda kjensler for hekkeløparen

Øyvind Strømmen Kjerpeset får blanda kjensler av å sjå 400 meter-kollega Karsten Warholm imponere i OL. Men han let seg inspirere.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MISTA REKORDEN: Kjerpeset mista Noregsrekorden sin under friidrettsfestivalen i Florø tidlegare i år.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Det er veldig kult at han gjer det så bra, men eg har vigd mykje av livet mitt dei siste åra til å kome dit. Så eg får blanda kjensler av å sjå på.

Kjerpeset hadde fram til i år den norske rekorden på 400 meter hekk. Den var på 49,95 og vart sett i Göteborg i 2013, men under årets friidrettsfestival i Florø måtte både Kjerpeset og rekorden gi tapt for Karsten Warholm frå Ulsteinvik.

Tjueåringen frå Sunnmøre satsar primært på tikamp, sjølv om han allereie er i verdstoppen på 400 meter hekk. Natt til onsdag spring Warholm semifinale i OL. Sjølv om det er surt å sjå leikane frå sofaen, let Kjerpeset seg imponere av supertalentet.

– Det er jo inspirerande at ein eg har konkurrert med og vore på nivå med, gjer det så bra i OL og spring så fort.

Det er 64 norske utøvarar med under OL i Rio de Janeiro. Ingen av desse kjem frå Sogn og Fjordane, som er eitt av fem fylke utan aktive utøvarar under leikene. Kjerpeset var ein av dei som var nærast, men lukkast ikkje.

Sprint-opptur

Etter nederlaget på 400 meter hekk, har Kjerpeset fått ein opptur på ein uventa distanse.

Førre helg deltok han i Tjalvelekene i Oslo. Der sprang han 100-meter på 10,54, eit knapt tidel langsamare enn den personlege rekorden hans på distansen. Kjerpeset fortel at det var ein stor opptur.

– Det losna skikkeleg på Tjalvelekene, og det at eg skulle springe så fort kom som eit sjokk. 10,54 er svært raskt, om lag ein tidel bak EM-kravet. Så det å springe så fort på hundremeter utan å ha trent på det, er nok den største oppturen denne sesongen.

Hovudbry

Under stemnet i Oslo slo Kjerpeset bronsevinnaren frå NM og fekk same tid som sølvvinnaren frå NM. Den uventa tida gir florøværingen noko å tenkje på.

– Både eg og trenaren min blir litt betenkt når det går så fort utan spesifikk hundremeter-trening. Det får meg til å lure på kva eg kunne klart om eg hadde satsa på det, men eg skal ikkje seie at eg skal satse på sprint.

Uavhengig av vidare satsing skal 25-åringen iallfall springe nokre fleire sprintar resten av sesongen.

– Eg mista ein månad med trening no midt på sommaren, då blir det tungt å springe 400 meter. Akkurat no er sprintforma god, medan 400 meter-forma kanskje er hakket dårlegare, så det fristar å springe nokre fleire sprintløp utover og sjå kor fort det går.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.