Hopp til innhold

Økopris til Pascal Baudonnel

Pascal Baudonnel frå Undredal fekk i dag« Økopris Vestlandet».

Pascale Baudonnel

Pascale Baudonnel har fått pris for engasjementet for økologisk landbruk.

Foto: NRK / NRK

Prisen vart i dag utdelt for sjette gong og går til verksemder eller enkeltpersonar som har gjort ein særleg innsats for å fremja økologisk landbruk, forbruk og utvikling.

Ein stor inspirator

Pascale Baudonnel får prisen for sitt heilskaplege engasjement for økologisk landbruk i vidaste forstand, heiter det i grunngjevinga.

Prisvinnaren er mest kjent for sitt engasjement for lokale mjølkeprodukt som den landskjende Undredalsosten, men ho har i årevis også vore ein stor inspirator og pådrivar i det økologiske miljøet generelt.

Sta og uthaldande

I grunngjevinga står det også at er Pascale si forteneste at det no igjen er lovleg i Norge å lage produkt av upasteurisert mjølk.

– Ho er eit godt døme på at ein må ha stor pågangsmot, kombinert med ein god porsjon staheit og i tillegg vere svært uthaldande for å vinne mot eit teknokratisk byråkrati med lite økologisk innsikt. For dette engasjementet er Pascale blitt landskjent og ho har også fått ei rekkje prisar.