Hopp til innhold

Økonomikluss i fylkeslaget til Frp

Frp sitt fylkeslag vert slakta for si økonomihandtering i ein fersk revisjonsrapport.

Frank Willy Djuvik

ENDRAR RUTINAR: Tidlegare fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik seier dei har hatt kontroll, men endrar rutinane sine no.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det skriv Dagbladet. I revisjonsrapporten frå Deloitte kjem det fram at Sogn og Fjordane Frp blant anna ikkje ha fått revidert rekneskapane sine sidan 2011.

I tillegg er reiseutgifter blitt refundert utan reiserekning. Fylkesleiaren har sjølv motteke fakturerer, gjennomført betalingar og stått for bokføring og store delar av reisebudsjettet og andre utlegg har gått tilbake til fylkesleiaren.

Nyleg avgått fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier til NRK at dei treng å endre rutinane sine, men at det ikkje har skjedd noko ulovleg.

Han viser til revisjonsselskapet sine revisjonsmeldingar. Her står det mellom anna at leiing har oppfylt plikta si og at rekneskapsopplysningane er i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

– Revisoren slår fast at alt har skjedd i forhold til Norsk lov. Det han peikar på er rutinar internt som bør betrast, seier Djuvik til NRK.

To funksjonar

Fylkeslaget har hatt inntekter på over 725 000 kroner årleg dei siste åra. Ifølgje partiets vedtekter skal rekneskapen anten bli ført av eit eksternt rekneskapsbyrå eller så må rekneskapane i ettertid reviderast av ein autorisert revisor. Dette er ikkje blitt gjort i Sogn og Fjordane.

På svar på om han ser problemet med at han sjølv har både teke imot rekningar, betalt dei og ført rekneskapen seier Djuvik at han er den einaste som held på med dette på heiltid.

– Eg er både administrativ ressurs og politikar. Det har ikkje vore slik at ingen har visst noko. Alle posteringar er lagt fram for fylkesstyret, seier han til avisa.

Endrar økonomirutinane

Helge André Njåstad, partiets leiar av organisasjonsutvalet, seier at dette ikkje er gjort på den ryddige måten som det vedtektene til partiet krev.

– Difor er vi glade for at fylkesstyret no ordnar opp, og har fått revidert rekneskapane som ikkje var revidert, seier Njåstad.

Fylkesstyret til Frp skriv i ein uttale at alt er gjort etter norsk lov og midlane er nytta i samsvar med formålet til organisasjonen, men at dei tar eit kollektivt ansvar for at dei tidlegare økonomirutinane ikkje var i samsvar med paritet sine sentrale vedtekter.

– Difor har det nye fylkesstyret no vedteke å ta i bruk ein ekstern rekneskapsførar og dermed bruke eit nytt økonomireglement som samsvarar med vedtektene, seier Djuvik.