Hopp til innhold

Bøndene sprøytar frukttrea med soyaolje og grønsåpe

Stadig fleire fruktbønder sprøytar trea sine med ei blanding av soyaolje og grønsåpe. På den måten tek dei knekken på insekt på ein miljøvenleg måte.

Stig Ove Ølmheim

ØKOLOGISK: Stig Ove Ølmheim sprøyter frukttrea med ei blanding av soyaolje og grønsåpe.

Foto: Birger Meland / NRK

Stig Ove Ølmheim i Sogndal er ein av dei bøndene som no har valt ein langt meir miljøvenleg måte å bli kvitt uønska innsekt på.

– Vi sprøyter med soyaolje, som vi løyser opp i grønnsåpe, istadenfor å bruke gift på epletrea og plommetrea. Soyaolje er jo eit reint naturprodukt og det er jo grønsåpe og, fortel den unge fruktdyrkaren.

– Vil ikkje det smake soyaolje, pommes frites og grønsåpe av eplene?

– Nei, det er jo lenge før epla kjem på trea. Kven som har kome på dette opphaveleg, men dei har brukt dette i mange tiår på moreller,men ikkje på eple og plommer, seier Ølmheim.

Fleire og fleire brukarar

Seniorrådgjevar Torbjørn Takle ved fylkesmannen si landbruksavdeling forklarar at dette er noko stadig fleire bønder har teke i bruk.

– Dette er ein teknikk som har vore kjend forholdsvis lenge i det økologiske miljøet, men det er først dei siste åra vi har byrja å tilrå dette i det konvensjonelle landbruket og i dag er det nok mange fruktdyrkarar som brukar olje- og såpeblanding tidleg om våren, seier Takle.

Han og andre ekspertar på plantevern tilrår no bøndene å gå over til dette langt meir miljøvenlege produktet, framfor å bruke tradisjonelle giftige sprøytemiddel på denne tida av året.

Stig Ove Ølmheim

IDYLLISK: På garden, som ligg mellom Sogndal og Leikanger, har Stig Ove Ølmheim og familien nær 5000 frukttre.

Foto: Birger Meland / NRK

Virkar mot skadedyr

– Dette er jo eit skadedyrmiddel då, og brukar vi det då mot egg, sugande innsekt og midd. Desse er veldig svake i denne perioden nett før dei klekker, og det er det som er tilrådinga då å bruka blandinga av såpe og olje på denne tida, fortel Takle og legg til at ein no prøver å gjere det tradisjonelle bær- og fruktmiljøet meir økologisk retta.

– Vi prøver å økologisere plantevernet, og dette er heilt klart eit steg i den retningen.

På garden, som ligg vakkert til ved fjorden mellom Sogndal og Leikanger, er Stig Ove Ølmheim i full gong med å sprøyta den økologiske blandinga ut over dei mellom 4500 og 5000 produktive trea dei har. Når vi ber om å få lukte på produktet han har i sprøytekanna, så lurer vi på om ikkje folk vert svoltne når dei kjenner lukta?

– Jo, det luktar jo veldig godt og reint og fint, og det er jo eit reint naturprodukt, konkluderer bonden og smiler breitt.