Hopp til innhold

Økokrim legg vekk sak mot Trafigura

Økokrim har lagt vekk saka mot Trafigura. Med det er det klart at det ikkje vert straffesak i Norge mot internasjonale selskapet.

Det var Trafigura som frakta svovelhaldig bensinavfall til Vest-Tank i Gulen der ein tank eksploderte i 2007.

Økokrim meiner bensinproduktet var ulovleg, farleg avfall.

Men fordi produktet vart laga på skip i internasjonalt farvatn, vert det ikkje råka av reglane. Lova gjeld berre import og eksport mellom to statar.