Hopp til innhold

Økokrim etterforskar fiskefôrprodusent Ewos

Økokrim etterforskar fôrprodusenten Ewos for avgiftsunndraging. Totalt kan det vere snakk om nær 20 millionar kroner.

EWOS i Florø

BLIR ETTERFORSKA: Ewos i Flora er eitt av anlegga som har hatt Økokrim på besøk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er ilaks.no som melder at Økokrim onsdag aksjonerte mot Ewos. Fyrstestatsadvokat i Økokrim Elisabeth Harbo-Lervik seier til nettstaden at dei er i ein tidleg fase av etterforskinga.

Aksjonen var retta mot Ewos kontora i Bergen, Florø og Trondheim. Selskapet har sjølv sendt ut pressemelding om saka.

Det er mistanke om unndraging av grunnavgift og CO2-avgift på mineralolje (disesel) som er bakgrunnen for aksjonen.

Les også: Får ikkje bruke fôr med miljøgift

Les også: Kreftframkallande stoff i fôret til norsk oppdrettslaks

Kommunikasjonssjef i Ewos Hanne Dankertsen seier til NRK at Ewos har sett av 18,5 millionar kroner i rekneskapen sin med bakgrunn i tollrevisjonssaka i 2013

Har selt diesel - blir etterforska

Ewos skriv i pressemeldinga at dei i 2013 var involvert i ei tollrevisjonssak om ein hadde betalt det ein skulle i avgift på mineralolje. Det er denne saka Økokrim no har under etterforsking.

Ewos vidaresel mineralolje til oppdrettsflåtar, i samband med fôrlevering.

– Etter revisjonen i 2013 oppretta EWOS nye rutinar for handtering av avgifter i samarbeid med tollmyndigheitene. Vi har heile vegen hatt ein open dialog med tollmyndigheitene om dette og samarbeider no med Økokrim for å gi dei all informasjon som er relevant for etterforskinga, seier administrerende direktør i EWOS Norge, Atle Kvist.