Økobønder tener meir

Mange økologiske frukt- og bærbønder har ein god haust i vente.

Jakob Nyborg-Christensen
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Etter fleire år med dårlig inntjening, får dei no betre kilopris for frukta dei dyrkar utan sprøytemiddel.

SJÅ VIDEO: Betre løn for økobønder

Tener 75 prosent meir

Jakob Nyborg-Christensen har sju ulike pæresortar i hagen sin i Balestrand som alle er økologisk dyrka.

I haust vil han tjene 75 prosent meir per kilo samanlikna med i forfjor, då han sist hausta.

Juiceprodusenten Balholm AS vil berre ha økologiske produkt, og ser gjerne at fleire legg om. Difor betaler dei bøndene meir.

Økojus til byane

Også forbrukarane etterspør fleire økologiske varer. Difor har kafékjeden Godt Brød som held til i Oslo og Bergen, ein avtale om å få økologisk juice direkte frå Sogn.