Hopp til innhold

Øko-skulen er sikra

Framlegget til Statsbudsjett sikrar drift av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland neste år.

Skulen får den same summen som dei har fått i år. Det vert difor mindre til skuledrifta når dei har justert for løns- og prisvekst.

UWC er nøgd

Røde Kors Nordisk United College, UWC, i Fjaler er nøgd med budsjettframlegget. Skulen fekk ein auke på 890.000 kroner. Det dekkjer utgifter til pris- og lønsvekst og er det vi håpa på , seier økonomidirektør ved UWC, Ola Hovland.