NRK Meny
Normal

No kan øko-elevane endeleg smile

AURLAND (NRK): Elevar og lærarar ved Sogn jord- og hagebruksskule er letta over at framtida ser ut til å vere redda for den økologiske skulen i Aurland.

Sille Skovgård Larsen

DANSK ELEV: Sille Skovgaard Larsen kan ikkje tenkje seg ein betre skule i økologisk jordbruk enn skulen i Aurland. Her driv ho med jordarbeid med traktor.

Foto: Bård Siem / NRK

Pløying, harving, stell av dyr og reparasjon av handbrekk på ein traktor. Bruk av motorsag og felling av tre.

Det er full aktivitet ved Sogn jord- og hagebruksskule. Skulen som driv opplæring i økologisk jordbruk har lenge vore nedleggingstruga, men no ser framtida ut til å vere sikra.

Fylkesutvalet har tilrådd å løyve 20 millionar til skulen. Aurland kommune og staten vil bidra med fem millionar kroner kvar.

Hannah Wood

TØFF TID: Lærar Hannah Wood inspiserer grasavlinga ved jordbruksskulen i Aurland. Det har vore ei slitsam tid medan skulen var nedleggingstruga, seier ho.

Foto: Bård Siem / NRK

Optimistisk rektor

Fylkestinget skal ta endeleg stilling seinare i månaden, og rektor Bjørg Fritsvold reknar med at saka er i boks.

– Ein skal ikkje ta eit fylkestingsvedtak på førehand, men det har vore samrøystes støtte til å gje 20 millionar til skulen både i hovudval for opplæring og i fylkesutvalet. Difor har eg god tru på at dette skal gå i orden, seier rektor Bjørg Fritsvold. Pengane skal brukast til naudsynt ombygging og fornying av bygningsmassen.

26 år gamle Ane Halvorsen går rundt i skogsklede og vernestøvlar. Førebuinga til eksamen i praktisk skogbruk er i gang.

Ane Halvorsen

KLAR FOR EKSAMEN: Ane Halvorsen (26) skal opp i eksamen i praktisk skogbruk. Ho er veldig glad for at Sogn jord- og hagebruksskule ser ut til å vere redda.

Foto: Bård Siem / NRK

– Skulen i Aurland er avgjerande for å kunne rekruttere økologiske agronomar fordi skulen er den einaste som har denne type utdanning. Det er veldig gledeleg at skulen ser ut til å vere redda, seier ho.

Dansk skryt

Sille Skovgaard Larsen (26) er dansk og full av lovord om den økologiske jordbruksskulen.

Sille Skovgaard Larsen

Sille Skovgaard Larsen hadde ikkje køyrd traktor før ho byrja ved jordbruksskulen i Aurland. No har ho god kontroll over den tunge maskina.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ingen annan stad i Norden har betre utdanning i økologisk jordbruk enn her i Aurland, seier ho.

– Kva er så bra med denne utdanninga?

– Den danske økologiske landbruksskulen er retta inn mot storskala produksjon, med tusen svin og tusen kyr. Her blir det fokusert på småskala landbruk, noko eg har mykje meir sans for, seier ho.

Skovgaard Larsen er i gang med eksamen i jordarbeid. Dette inneber at marka skal pløyast opp og jorda harvast og såast.

– Det er veldig interessant og lærerikt, seier ho.

Vil nærare naturen

21 år gamle Katarina Nilsen frå Bærum føler seg heime på jordbruksskulen i Aurland.

Katarina Nilsen

SJØLVFORSYNT: Katarina Nilsen (21) frå Bærum likar seg saman med dyr og ønskjer å vere mest mogleg sjølvforsynt i matvegen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har hatt eit ønskje om å kome nærare naturen og attende til ein meir sjølvforsynt kvardag. I tillegg likar eg å vere saman med dyr og å jobbe med jorda. Alt dette får eg innfridd her, seier den smilande 21-åringen frå Bærum. Ho ser seg om etter eit lite norsk gardsbruk ho kan kjøpe.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.