NRK Meny
Normal

Vestavind kraft AS får konsesjon i Selje

Olje- og energidepartementet har i dag gjeve Vestavind kraft AS konsesjon til Okla vindkraftverk i Selje. Vindkraftverket vil gje straum tilsvarande årsforbruket til 3000 husstandar.

Okla vindkraftverk

SKAL STARTE OPP: Olje- og energidepartementet har i dag gjeve Vestavind kraft AS løyve til å starte opp Okla vindkraftverk.

Foto: Vestavind Kraft

– Eg er svært glad for at olje- og energidepartementet i dag gjer konsesjon slik at ein kan kome i gang og skape verdiar i Selje og Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, til NRK.

Håpar å kome raskt i gang

Bjørn Lødemel

SVÆRT POSITIVT: Bjørn Lødemel er glad for at regjeringa legg til rette for verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Foto: Steinar Lote / NRK

Planane for vindkraftverketsom som skal produsere 65 GWh fornybar kraft i året, inneber å nytte eksisterande djupvasskai ved Borgundvågen nord på Stadlandet for ilandføring av vindturbinkomponentar. Vindkraftverket vil bli knytt til det lokale distribusjonsnettet og bidra til forbetring av kraftnett fram til Skorge transformatorstasjon i Kjødspollen.

NVE har tidlegare gjeve konsesjon for Okla som meiner at vindkraftverket vil vere eit viktig bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Det er Vestavind kraft som skal starte opp vindkraftverket og det skal investerast for om lag 200 millionar kroner.

– Dette blir eit tilsvarande anlegg som det som står på Mehuken i Vågsøy kommune i dag, og det er eit vellukka prosjekt. Eg håpar sjølvsagt dei kan kome i gong så raskt som mogleg i Selje, seier Lødemel.

– Den beste lokasjonen i landet

Ottar Nygård

EI GLADMELDING: Ordførar i Selje, Ottar Nygård, er glad for at regjeringa har lytta til lokaldemokratiet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Planane om eit vindkraftverk på Okla vart lanserte allereie i 2004, og i 2008 inviterte kommunestyret i Selje Vestavind kraft til å gjennomføre målingar med tanke på utnytte vindkraftressursane i kommunane. Ordførar i Selje, Ottar Nygård, er svært godt nøgd med vedtaket.

– Dette betyr svært mykje for Selje kommune. Målingane frå tidlegare viste at Okla var den beste lokasjonen i heile landet når det kjem til vindkraft, og at dei kunne produsere kraft der for 45 øre per kilowattime. Så dette er ei gladmelding, seier han.

– Det som også er positivt er at alle grunneigarar har vore positive til prosjektet og har skrive under avtaler med Vestavind kraft fordi dei ønskjer å utvikle dette området, seier Nygård.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kom med motsegn til NVE si utdeling av konsesjon, difor har prosessen teke tid og Nygård har forståing for dei som ønskjer at Stadplatået skal stå utan vindmølle.

– Konsesjonen er gjeve for 25 år, og anten så blir den fornya eller så skal området bli ført tilbake til sin opphavlege stand, så området er ikkje øydelagt, seier Nygård.

Ordføraren trur ikkje ein vil vere skikkeleg i gang før i 2017.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast