NRK Meny
Normal

OK med helikopterlanding

Fylkesmannen har ikkje avgjerande merknader til søknaden frå Asbjørn Nes frå Veitastrondi om landingsplassar for helikopter i Fjærland, Gaupne og på Veitastrondi.

Fylkesmannen meiner landingsplassen ved Brevasshytta i Fjærland er mest konfliktfylt, og ber Luftfartstilsynet vurdere den lokaliteten grundig.

Landingsplassane i Gaupne og i Svardalen på Veitastrondi er uproblematiske så lenge flyginga tek omsyn til nasjonalparken, meiner Fylkesmannen.