Hopp til innhold

Statsråd frå Sogn for hundre år sidan utsett for tøffare personåtak enn Navarsete

Det er ikkje berre i dag det kan blåsa kvasst kring norske toppolitikarar. Det fekk statsråd og stortingspresident Edvard Liljedahl frå Vik merka for hundre år sidan.

Arne Inge Sæbø

BLIR RESTAURERT: Lokalhistorikar og forfattar Arne Inge Sæbø framfor huset til Edvard Liljedahl som no held på å bli restaurert.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I ei ny bok kjem det fram at målmannen og læraren frå Sogn fekk karakteristikkar i hovudstadspressa som får hardkøyret mot Liv Signe Navarsete til å bleikna.

Forfattar og lokalhistorikar Arne Inge Sæbø frå Vik blar i hundre år gamle utklypp frå hovudstadsavisene. Spaltene rommar personkarakteristikkar av norske toppolitikarar som er oppsiktsvekkjande for ein lesar av i dag.

– Man sette på presidentplatsene middelmådige menn der er merket fra vår nyere histories mørkeste avsnitt, statsraader fra sumptiden, les Sæbø.

Fekk hard medfart

Statsråden som ifølgje VG anno 1912 skulle vera frå sumptida, var Edvard Liljedahl frå Vik. Om han hadde vore aldri så mykje ordførar, stortingsmann, minister eller stortingspresident, var personskildringane like nådelause.

– Det er vel det som har overraska meg mest. Han fekk utruleg hard medfart. Maken til direkte personangrep som han vart direkte utsett for, skal ein leita lengje for å finna parallellar til i dag. Karakteristikkane gjekk direkte på person, seier Sæbø.

Sæbø har skrive om Edvard Liljedahl i ei ny bok om stortingsrepresentantar frå Høyanger, der Liljedahl arbeidde som lærar og klokkar. Boka «Frå Holck til Heggø »skal lanserast 29. juni.

Edvard Liljedahl

STASELEG KAR: Edvard Liljedahl vart karakterisert som både høg og ruvande, både fysisk og andeleg. Her fotografert på sine eldre dagar. Liljedahl vart i 1896 riddar av 1. klasse av St. Olavs orden, og i 1901 forfremma til Kommandør med stjerne av St. Olavs orden, Riddar av 1. klasse av den svenske Nordstjerneordenen og hadde Storkors frå den franske Æreslegionen.

Foto: I privat eige / Ameide

Var ein del konfliktliner

Forfattaren viser i boka til den røffe behandlinga dagens politikarar som Liv Signe Navarsete, Kjell Opseth og tidlegare landslagstrenar i fotball Ingvar Stadheim fekk i Oslo-avisene og stiller spørsmålet om folk frå distrikts-Norge står spesielt lagleg til for hogg.

Statens embeder fylles med undermålere, især de viktigste og best avlønnede.

Aviskarakteristikk av Liljedahl

– Eg vil tenkje at det kanskje er ei tilleggsforklaring, men det er neppe hovudforklaringa, seier professor Rune Ottosen, som har vore med å skriva «Norsk pressehistorie».

– Statsvitaren Stein Rokkan snakkar om ein del konfliktliner som ligg under det politiske feltet i Norge. Då er målsak, avhaldssak, klassespørsmål og ting som spelar inn og medverkar. At ein slik sentrum-periferi-konflikt kan ha forsterka hardheita i polemikken, skal ein ikkje sjå vekk ifrå, seier Ottosen.

Partitilknyting kan forklare den tøffe tonen

Dei sterke utfalla mot Edvard Liljedahl i 1912 kom då han blei utnemnd til statsråd for andre gong.

Liljedahl var målmann, og det i ei tid då målstriden var på det hardaste. I tillegg høyrde han, sett frå hovudstadsredaksjonane, til i feil parti – Venstre, og ikkje Høgre.

Og nettopp avisene si partitilknyting kan forklara den tøffe tonen, meiner professor Ottosen.

Medan dei siste tiårs toppolitikarar, som Åslaug Haga og Tore Tønne, opplevde journalistar som jagar i flokk, var partiavisene for hundre år sidan lojale mot meiningsfeller, men desto hardare mot politiske motstandarar.

Og nettopp difor kunne dei karakterisera Liljedahl som komplett udyktig, ein snok, eit symbol på Venstre sitt moralske og politiske forfall og at han blei utnemnd ved ein stinkande politisk skamhandel.

– Det er sterk kost, og det heller nesten over mot useriøse kommentarar som ein ventar å finne kanskje i kommentarfelta i avisene, og ikkje på redaksjonell plass, seier Ottosen.

Arne Inge Sæbø

TØFFE ORD: Forfattar Arne Inge Sæbø blar i avisutklyppsbok frå 1912 der Edvard Liljedahl, etter at han er blitt utnemnd til statsråd for andre gong, blir omtalt i hovudstadsavisene som 'en Statsråd fra Sumptiden' og 'undermaaler'.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Var ordførar i Høyanger

I Vik sentrum ligg huset til Edvard Liljedahl, rikt dekorert i sveitsarstil.

– Her ser me garden Havnen, med det staselege huset i sveitsarstil som Liljedahl fekk bygd. Huset er i dag under restaurering, og det er med utskjeringar og flott veranda på framsida, seier Sæbø.

Liljedahl blei fødd i Vik i 1845, og klokkarsonen skulle koma til å nå langt. Som 22-åring blei han den fyrste utdanna læraren i Kyrkjebø, med skular frå Stord og Balestrand.

I Høyanger blei han ordførar (1887-1991), før han blei postmeister i Ålesund og etter kvart Bergen. Han var lenge stortingsrepresentant og altså statsråd i to periodar.

– Han høyrde til Venstre og var ein typisk representant for den vestlandske moderasjonslina og lekmannsrørsla. Han var ihuga målmann, og det vart delvis brukt mot han, seier Sæbø.

Vart skildra som høg og ruvande

Liljedahl var forkjempar for landsmålet. Og året før Stortinget i 1885 gjorde jamstillingsvedtaket, det at landsmålet blei eit offisielt norsk språk og sidestilt med riksmålet, var Liljedahl sentral i ei viktig hending i opptakten til denne språkpolitisk skilsetjande avgjerda.

– Me fekk noko i 1884 som vart kalla Vadheim-resolusjonen. Dette vedtaket var det folk som var lærarar i Sogn og Fjordane som stod bak. Vedtaket danna grunnlaget for det som seinare vart jamstillingsvedtaket. Dette har vore lite kjent, seier Sæbø.

Som Kommandør med stjerne av St. Olavs orden og ei rekkje andre utmerkingar kan ein vel seia at læraren, klokkaren, postmeisteren og politikaren frå Sogn kom lenger enn dei fleste. Også mannen sjølv, blir skildra som både høg og ruvande.

– Det blir skrive om han at han var ein velvaksen og høg mann. Han stod godt og vel sine seks fot. Men han ruva også stort andeleg. Han var høgt skatta som lærar, og når det ikkje var preik i kyrkja, samla han ungdommen til oppbyggjelege møte, fortel Sæbø.

Artiklar om Liljedahl

I VINDEN: Her er eit knippe artiklar om Edvard Liljedahl som er utklypte av forskjellige aviser som VG og Aftenposten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Let seg overraske over karakteristikkane

Liljedahl hadde også god songstemme og trakterte orgelet.

– Han har til og med skrive songar sjølv, som har vorte teke inn i både song- og diktbøker. Det mest kjende diktet er «No stiger soli for kvar ein dag», fortel Sæbø.

For Arne Inge Sæbø var det dei nedrige karakteristikkane i avisene i Oslo som overraska mest i arbeidet med boka om Edvard Liljedahl.

«Statens embeder fylles med undermålere, især de viktigste og best avlønnede».

- Ja, det er ganske sterkt. Undermålar, statsråd frå sumptiden. Ein må verkeleg nesten lesa det opp att for å tru at dei har karakterisert ein statsråd og ein person på denne måten, seier Sæbø.