Hopp til innhold

Ofrar russetreff for toppkamp

Medan klassekameratar er på russetreff, må fotballspelaren Gustav Valsvik lade opp til den viktige toppkampen mot Strømsgodset søndag.

Gustav Valsvik, Eirik Hove, Bent Martin Dyrdal og Eirik Skaasheim

LADAR OPP I SOGNDAL: Gustav Valsvik, Eirik Hove, Bent Martin Dyrdal og Eirik Skaasheim er russ i Sogndal i år. Valsvik (tv) og Skaasheim (th) er også Sogndals-spelarar og må førebu seg til den viktige toppkampen søndag.

Foto: Kristian Lomheim

For avgangseleven og russeguten er ikkje dette noko stort offer, men han innrømmer at det hadde vore kjekt å vore på det store treffet som samlar 11 000 russ frå heile landet.

– Det er litt kjipt, men eg har først og frems fokus på fotballen. Dette er noko eg har valt sjølv. Draumen min er å spele fotball og då må eg leggje vekk noko og ofre litt for å drive på med det, seier han.

Søndag møtast Sogndal og Strømsgodset til toppoppgjer på Marienlyst stadion i Drammen. Sogndal ligg på 2. plass på tabellen med 12 poeng og Strømsgodset toppar med 13 poeng.

Er optimist – trur dei vinn

Gustav Valsvik

I G19-TROPPEN: Gustav Valsvik er teken ut på landslaget som skal spele EM-kvalik mot Tjsekkia.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogningane har vunne tre kampar, spelt tre uavgjort og står med null tap. Men i noregscupen gjekk det ikkje like bra då dei tapte første runde mot 3. divisjonslaget Florø. Valsvik seier dei har komme over denne kampen.

– Vi har lagt bak oss dette tapet og fokuserer no mot kampen søndag. Vi har trena godt og ser framover. Eg har ei god kjensle framfor søndag seier han.

– Men kompisane dine er i Kongeparken på russetreff, medan du er heime, trenar og et sunt. Korleis er det?

– For meg er det heilt greitt. Det er heilt vanleg å måtte leggje vekk noko for å spele fotball.

No satsar han på at forma held og at Sogndal vinn på bortebane.

– Eg tippar vi vinn 2-1, seier ein optimistisk Valsvik.

I G19-troppen

Eirik Skaasheim

I G19-TROPPEN: Også Eirik Skaasheim er utteken på landslaget.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Også lagkamerat Eirik Skaasheim er russ i år. I dag kom beskjeden om at begge var tekne ut i G19-troppen som skal spele andre EM-kvalikrunde i Tsjekkia i slutten av mai. Valsvik tykkjer dette er kjekt.

– Vi var i troppen sist også, men då fekk vi ikkje reise fordi Sogndal hadde så mange skadde spelarar. No håper eg det går i ordem denne gongen. Eg reknar med at trenaren slepp oss, men ein veit aldri, seier han.