Ofrar NM i jakta på verdscupsigeren

Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø stiller ikkje til start under helgas NM på Ål.

Johannes Thingnes Bø, verdscup Hochfilzen, sprint

BLIR HEIME: Johannes Thingnes Bø vil følgje helgas NM frå godstolen. – Eg stiller sterkt på NM del 2 og der skal eg gå alle renn, forsikrar han i ei pressemelding frå skiforbundet.

Foto: NRK

Med eit tynnt treningsgrunnlag før sesongen, ser stryningen seg nøydd til å prioritere ein god periode med trening.

I haust droppa Johannes Thingnes Bø rulleskirenn på grunn av virus og så seint som i oktober klarte ikkje 25-åringen å trene skikkeleg.

– Skal ein fortsette å vinne gjennom tre månader, så må ein trene langs med. Eg håpar å halde heile sesongen med den jobben eg har gjort siste halvanna veka, seier han.

Roleg helg

Med seks av ni moglege sigrar har stryningen fått ein forrykande start på sesongen. Ikkje berre kjempar Johannes Thingnes Bø om samanlagdsigeren, han har også stått fram som den sterkaste på alle dei individuelle disiplinane.

Verdscupsigeren totalt vil han ha. Og i mars er det VM i svenske Østersund. Neste verdscuprenn er 11. januar i Oberhof.

– Perioden med mengdetrening før neste verdscup, var eg ferdig med i går. I helga skal eg ta det heilt med ro og vidare inn i neste veke for å heve forma endå eit hakk i forhold til før jul, seier han.

– Merkar du at treningsgrunnlaget var tynnt før sesongen?

– Nei. Eg har kjend meg veldig bra, men har måtte jobbe preventivt i staden for å vente til at eg merkar det, og så bygge mengde att for å vere i slag att. Eg visste at denne perioden ville bli utruleg viktig sjølv om eg gjekk fort før jul, så treng eg denne perioden for å gå fort på ski under VM i mars også.

– Rett avgjerd

VM i skiskyting 2017. Pressetreff foran stafett menn

SAMD: Landslagstrenar Egil Kristiansen seier landslagsleiinga er samd i avgjerda til Johannes Thingnes Bø om å stå over NM. – Det er sjølvsagt synd for NM og arrangørane. Det er trass alt ein attraksjon som blir borte, men verdscupen er så pass viktig, seier han.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I oktober var situasjonen så ille at landslagstrenaren Egil Kristiansen meinte Thingnes Bø burde slutte å tenke på samanlagdsigeren i verdscupen.

Kristiansen er samd i avgjerda til stryningen.

– Johannes er i ei særstilling. Ikkje berre leiar han verdscupen, men at han leiar den med sitt syltynne treningsgrunnlag inn mot sesongen er nesten ikkje til å tru.

– Godt å vere heime

Kvinner sprint skiskyting sesongåpning

STÅR OVER: Også Tiril Eckhoff står over NM på Ål. Ho seier ho ikkje har fått trent godt nok i jula, og at ho heller vil prioritere trening framfor konkurranse.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det kunne kanskje gått bra å gå NM, men det hadde samstundes vore ein dag mindre ro. Johannes har behov for ein periode med rolege treningar, seier Kristiansen.

Med eit hektisk verdscupprogram før jul og seks nye verdscuprundar og eit VM i løpet av dei neste vel to månadane, vedgår Thingnes Bø at skal bli godt å vere heime litt lenger.

– Det er jo litt kjedeleg å vere på reisefot heile tida. No var eg vekke tre og ei halv veke før jul, og det bikkar fort tre veker etter jul, så blir det godt å ikkje vere på reis heile tida, seier han.