Hopp til innhold

Ofra søvnen for å fange spektakulære augneblinkar

Fotografen fekk knapt sove då programskaparane bak «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» drista seg til noko dei ikkje hadde gjort før.

Torje Bjellaas og Arve Uglum i redigeringsrommet på Skei

NY SESONG: Torje Bjellaas (t.v.) og Arve Uglum (t.h.) har reist land og strand rundt. No er dei klare med sesong 17 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

  • Sjå første episode i slutten av saka, eller på NRK1 kl.20.45 på sundag.

Sidan seinhausten 2002 har det folkekjære programmet gått på NRK, og på sundag er det premiere på ein splitter ny sesong av dokumentarserien. I sesong 17 meiner serieskaparane Arve Uglum og Torje Bjellaas at det spesielt er ein ting som går att.

– Kjærleik! Alt frå kjærleik til båtar, menneske, eller stadar.

Og allereie frå første episode får vi servert ei ekte kjærleikshistorie. På Tussøya i Troms lever snikkaren og ingeniøren som møtte kvarandre seint i livet. Livet på den aude øya byr på alt frå gjenstridige sauer, djup kjærleik og vakkert lys.

Nettopp lyset er ei utfordring når nesten halve sesongen er spelt inn i Nord-Noreg denne vinteren. Mørketid gjorde at Uglum og Bjellaas måtte ta sjansar. I kolsvarte november pakka dei sekken og sette seg på flyet nordover.

– Det er så lite dagslys at du berre har nokre få timar på å filme, men vi tok sjansen. Når vi først var der hadde vi ein enorm flaks, seier Uglum.

For lyset spelte verkeleg på lag med «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og når lyset først er så vakkert som det kan bli, såg ikkje fotografen nokon spesiell grunn til å sove.

– Eg er alltid på jakt etter lyset og då må ein jobbe effektivt. Det var som ein døgnopen godteributikk, seier Bjellaas.

Svein og Synnøve var godt vaksne før dei kom i gang med livet saman på Tussøy. Dermed har dei begrensa tid for å få alle draumane sine ut i livet, og ein svært gjenstridig saueflokk gjer det ikkje enklare.

SJÅ FØRSTE EPISODE: Svein og Synnøve var godt vaksne før dei kom i gang med livet saman på Tussøy. Dermed har dei begrensa tid for å få alle draumane sine ut i livet, og ein svært gjenstridig saueflokk gjer det ikkje enklare.