Ofra plassen sin for ungdomen

Ho syntest det var for få unge på Stryn Høgre si kommunevalliste. Då gjorde Sonja Øvre-Flo det einaste ho kunne: Ho gav frå seg sin eigen plass.

Sonja Øvre-Flo

SLEPP FRAM DEI UNGE: Sonja Øvre-Flo (H) enda på ein 12.-plass etter at ho gav frå seg den opphavlege fjerdeplassen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Og med Øvre-Flo sin plass ledig, blei Erlend Myklebust flytta opp til 7.-plassen.

Ungdomskandidaten sjølv er overvelda av den positive nyheita.

– Både eg og alle andre vart overraska. For min del så er dette unikt, eg har svært sjeldan høyrt om dette, seier Myklebust.

Han skildrar moglegheita som eit sjokk. For Sonja Øvre-Flo handlar avgjerda om to ting:

– Eg vil satse for fullt på fylkestinget neste periode. Og når ein då har ein så positiv ungdomskandidat som Erlend, som verkeleg vil inn i politikken, så var ikkje dette noko vanskeleg val for meg, seier ho.

– Å tre tilbake for yngre krefter, ser du det ofte i politikken?

– Eg skulle ynskje eg såg det oftare. Det å vere med i politikken er å vere samfunnsengasjert. Og kven er det som skal ta over når me ikkje held på lenger? Jo, det er ungdomen, seier Øvre-Flo.

Ho var innstilt på fjerdeplass til kommunestyret. Då ho gav frå seg plassen, ynskte Øvre-Flo å gje plassen direkte til Myklebust. Etter litt diskusjon på nominasjonsmøtet enda han opp med ein sjuandeplass.

Erlend Solhaug Myklebust

KLATRA PÅ LISTA: Erlend Solhaug Myklebust fekk kome lenger opp på lista då Sonja Øvre-Flo gav frå seg sin plass.

Foto: Privat

Stikk motsett i Sunnfjord

Det vekka oppsikt då Martin Savland ikkje fekk blei nominert høgare oppe enn 39.-plass då Sunnfjord Høgre skulle skipe si liste til kommunestyret.

Saka vart omtala i Firda. Ungdomspolitikaren sjølv var svært skuffa.

– Nominasjonsnemnda sitt listeframlegg kom som eit sjokk, sa Savland til avisa.

Leiar i Unge Høgre Sogn og Fjordane meiner situasjonen i Sunnfjord er komplisert.

– For Unge Høgre sitt bankande blå hjarte er dette uheldig. Men samstundes tenkjer eg dei skal ha med seg Naustdal, Jølster og Førde inn i nye Sunnfjord. I ein slik situasjon må dei ta omsyn til både geografi og kjønn. Då er det av og til at alder ikkje blir prioritert. Men det er trist, seier Vebjørn Leite Olsen.

Men fylkesleiaren er desto meir glad for det som har skjedd i Stryn.

– All heider og ære til Sonja som synest det er viktig å framheve ungdom. Vi takkar for det og set veldig pris på det, seier han.

Å engasjere unge i politikken, å løfte dei høgare på politiske lister er avgjerande, seier han.

– Det handlar om framtida. Vi skal løfte fram ungdomar og dei sakene som er viktige for dei. Både innan psykisk helse og skulekvalitet. Og så må kommunane vere opptekne av klimaet, seier Olsen, og held fram:

– Å vere ungdom er ikkje i seg godt nok for å bli nominert. Ein skal òg vere kunnskapsrik og brenne for å sitje i kommunestyret. Om ein brenn for politikken, så meiner eg at ein skal gje rom og sjansar til ungdom.

Vebjørn Leite Olsen, fylkesleiar, Unge Høgre Sogn og Fjordane

UNGE HØGRE-LEIAR: Dette handlar om framtida, meiner Vebjørn Leite Olsen.

Foto: HØGRE