NRK Meny
Normal

Magn Håkon ofra helsa for Norges rikdom - i dag kom dommen han har drøymt om

Han har stått i frontlinja for nordsjødykkarane sine krav. I dag slo menneskerettsdomstolen fast at manglande informasjon frå Staten om farane, sette Magn Håkon og dei andre sine liv og helse i fare.

Magn Håkon Muledal

OFRA MANGE ÅR: Magn Håkon Muledal frå Førde var dykkar i Nordsjøen frå 1978 til 1989. I dag slit han med dårleg helse.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Året er 1978. Norge er for full marsj på veg inn i oljerikdomen og den unge marinedykkaren Magn Håkon Muledal frå Førde drøymer om å få sin del av kaka.

Han blir yrkesdykkar og fram til 1989 tilbringer han om lag 500 døgn av sitt liv innelåst i ein stålkonstruksjon på havbotnen i Nordsjøen.

Magn Håkon Muledal

TIDLEGE TIDER: Magn Håkon Muledal var ein av mange unge som lét seg lokke av utfordringane – og løna. Helsa tenkte ingen på dei første åra.

Foto: privat / NRK

Mange fekk seinskadar

Reglane om kompresjon før og etter dykket for å unngå skader er i beste fall uklare, og konsekvensane blir store. Både for Magn Håkon og fleire hundre andre.

– Det er jo det som har ført til seinskadar. Mange har fått til dømes posttraumatisk stressyndrom og hjerneskade. Mange diffuse skader, og for mange blir totalpakken veldig plagsam, fortel Muledal.

I 1989 gjekk han i land for godt. Arbeidet med å dykke ned for å byggje opp Norge si oljeformue hadde tært på lungene. KOLS blei diagnosen, og i dag er han ufør.

– Lungeskade er jo noko alle kan forstå. Men det har kome ting til etter kvart, mellom anna hjerneskade og store problem med magen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magn Muledal

VENTA I SPENNING: Magn Håkon Muledal og dykkarkameratane venta i spenning på dommen frå Strasbourg. Sindige menn med alvorlege fjes, som snart skal snu nervøsitet til glede.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Tilfeldig i den rolla

Då ei av grupperingane av norske nordsjødykkarar valde å gå til sak mot staten, vart Magn Håkon ein naturleg talsmann. Han stod trass alt stødig midt i stormen, og sleit seg gjennom tingrett, lagmannsrett og Høgsterett. Så gjekk turen til Strasbourg og den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Eg har jo ikkje vore åleine. Det var litt tilfeldig at eg hamna i den pilotrolla. Vi var jo om lag 30 personar frå oljedykkarunionen som stevna staten, så blei det forlangt at ein skulle snevre dette talet ned til tre mann då vi var i rettssystemet. Men har ein først sagt ja, så må ein nesten prøve å stå heile løpet ut.

Venta i spenning på dommen

I dag var han ein av mange som hadde teke turen til Folkets Hus i Oslo, der dommen frå Strasbourg skulle presenterast. Då NRK møtte Magn klokka kvart på åtte torsdag morgon var han fatta, men nervøs.

– Vi må ta det som kjem, sa Magn Håkon før han gjekk vidare og helste på gamle kollegaer. Varme gjensyn i ein kald vinterdag i Oslo.

Så dreg klokka seg mot 10. Inne på eit møterom i fjerde etasje i LO sitt mektige hovudkvarter sit dykkarane og ventar på svaret. Så går døra opp og ein av advokatane deira kjem inn.

Norsk dommar gjekk imot

Erik Johnsrud smiler, seier nokre få ord før applausen stig. Sigeren er eit faktum, staten Norge har brote artikkel åtte i menneskerettane, som omhandlar tryggleik og helse. To av dommarane tok dissens mot avgjerda, den norske og den danske.

– Dette kunne eg nesten ha sagt på førehand. Det skulle ha teke seg ut at ein norsk dommar hadde slått fast at Norge har brote grunnleggjande menneskerettar, seeier advokat Johnsrud og klarar ikkje heilt å slutte å le.

Advokatane

GLADE ADVOKATAR: Erik Johnsrud og Heike Bentsen (t.v.) var særs nøgde med dommen frå menneskerettsdomstolen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No må dei følgje opp

Ler og smiler gjer også Magn Håkon Muledal og dei gamle kameratane frå pionertida i Nordsjøen. I kveld vil dei ute og feire, gløyme dei vonde minna og heidre dei kollegaene har gått vekk og som aldri fekk den oppreisninga dei hadde fortent.

– No må vi stole på at regjeringa følgjer opp dommen. Men til og med i dag har vi høyrt Per Sandberg gå ut og seie at her er det mange politikarar som burde gå ut og skamme seg over behandlinga vi har fått.

– Vi opna kranene

– Kor viktig var rolla de som dykkarar hadde i Nordsjøen?

– Folkeleg sagt kan ein vel seie at det var vi som opna kranene. Det hadde ikkje blitt mykje oljeindustri utan dykkarane. No var ikkje eg med heilt frå starten, eg byrja i 1978. Men det var forholdsvis vilt i ein del år framleis. Staten burde skjønt tidleg at det som skjedde var rein rovdrift, seier Muledal

– Korleis er minna etter den tida?

– No har eg akkurat lese ei bok som handla om ei ulukke på britisk sektor der to mann omkom. Det er ikkje tvil om at då kjem ting tilbake som ein har prøvd å leggje bak seg. Tidvis kan minna vere veldig sterke.

Regjeringa bestemte seg i dag for ikkje å anke dommen frå menneskerettsdomstolen. Men om Magn Håkon og dei andre Nordsjødykkarane då vil få eit utvida erstatning er ikkje avklart.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå