Hopp til innhold

Offshorehamn meiner landstraum er lite realistisk utan påbod

FLORØ (NRK): Dersom landstraum skal bli utbreidd i norske hamner må det komme eit påbod om det. Det seier konserndirektør ved Saga Fjordbase i Florø, Geir Johannessen.

FJORD BASE - FLORØ

STORE UTSLEPP: Berre i Flora hamn og omland var CO₂-utsleppet på 20.000 tonn i 2013. På landsbasis er same tal kring 200.000, ifølgje Det Norske Veritas.

Foto: Harald M. Valderhaug

I går sa cruisenæringa at straumforsyning frå land er for dyrt i høve til nytta det gir. Og situasjonen er ikkje mykje betre i offshorenæringa.

Geir Johannessen

PÅBOD ER NAUDSYNT: Geir Johannessen ved Saga Fjordbase i Florø meiner eit påbod er naudsynt dersom landstraum skal bli utbreidd i norske hamner, men er skeptisk til å ta rekninga.

Foto: privat

For oljebasen i Florø vil eit slikt miljøtiltak koste 75 millionar kroner. Spørsmålet er kven som skal ta rekninga, seier Johannessen.

– Skal dette bli effektivt i hamnene i Norge, så må det komme eit lovverk som påbyr landstraum. Då blir spørsmålet korleis rekninga skal fordelast, seier Johannessen.

Store utslepp

Regjeringa har framheva landstraum som eit viktig tiltak for å redusere utslepp frå fartøy. Over to tredelar av skipsanløpa på oljebasen i Florø er offshoretrafikk. Tal frå Det Norske Veritas syner at offshoreskipa står for 45 prosent av utsleppa i dei største norske hamnene.

Berre i Flora hamn og omland var CO₂-utsleppet på 20.000 tonn i 2013. På landsbasis er same tal kring 200.000, viser tal frå Det Norske Veritas.

– I dei hamnene der aktiviteten er høg, så er utsleppa betydelege, seier Kjetil Martinsen i Det Norske Veritas GL.

Vil ikkje investere i landstraum

I går kunne vi at lese at cruisenæringa ikkje vil satse på landstraum grunna høge kostnader og fleire praktiske utfordringar. Også hamner for offshoreskip meiner tiltaket er for dyrt, trass i at utsleppa er enorme.

Men med ein prislapp på 75 millionar kroner er landstraum førebels heilt uaktuelt for Saga Fjordbase. Det seier konserndirektør Geir Johannessen.

– Når du legg ut 70-80 millionar kroner, så må du ha eit inntektsgrunnlag. Då vil kanskje basen bli mindre attraktiv for oljeselskapa å nytte, seier han.

Bergen Hamn og Omegn er dei einaste i landet, og dei første i verda, som tilbyr landstraum til offshoreskip. Ei «stikkontakt» kom på plass i juni, til ein prislapp på 7,5 millionar kroner. Av dette vart 1,9 millionar kroner støtta frå Enova, som er ei statleg tilskotsordning for klimatiltak. Ei fullstendig utbygging av kaianlegget for båtar med lågspent straum er kostnadsrekna til 75 millionar kroner.