Offer var frå Sogn og Fjordane

I førre veke vart ein 29 år gamal mann frå Sogn og Fjordane sikta for eit giftdrap i Oslo. No fortel politiet at også den døde, ein mann i slutten av 30-åra, var frå fylket.

cOMFORT hotel xpress

FUNNEN PÅ HOTELL: Mannen blei funnen død på dette hotellet i Oslo.

Foto: Øzgur Tufan / NRK

Både den døde og den sikta skal høyre til eit rusmiljø, og var gode vener. Kva dei gjorde i Oslo vil politiet førebels ikkje gå innpå. Men politiadvokat Andreas Strand bekreftar i ein e-post at begge er tilknytt Sogn og Fjordane.

Saka vert etterforska som eit forsettleg drap, men politiet vil ikkje gå innpå kva som har skjedd, og kvifor dei vel å tru at den sikta har handla med forsett.

Drapet skal ha skjedd mellom fredag 15. juli og laurdag 16. juli, skriv Aftenposten.

Advokaten til den sikta, Solveig Høgtun, har fortalt at ho reagerer på at saka vert omtalt som eit giftdrap.

– Det er snakk om heroin og at to kompisar har reist frå Sogn og Fjordane til Oslo og rusa seg saman, sa Høgtun før helga.

Høgtun fortalde at den sikta ikkje har noko med dødsfallet å gjere.

– Dette er eit tragisk overdosedødsfall. Min klient meiner han ikkje har noko ansvar eller medansvar for det.

29-åringen vart framstilt for fengsling fredag føremiddag i Oslo tingrett, og mannen er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.